Utval Vestland SV

Vestland SV har seks politiske utval.
Ynskjer du å bli med i et utval kan du melde deg her
Frist 15. mars

Miljøpolitisk Utval

Jens Revold
Leiar
Telefon:
E-post: jens.revold@gmail.com

Medlemar i utvalet:
Åsmund Berthelsen, Sunnfjord, (Miljøpolitisk ansvarleg fylkestyret)
Kerim Hestens Nisancioglu, Bergen
Ingrid Rekkavik, Bergen
Kristin Skaar, Bergen
Hallvard Birkeland, Bergen
Arnfinn Gjerdåker, Voss
Ragnhild Freng Dale, Bergen/Sogndal
Soukaina Legdani Hiis Bergh, Bergen
Guttorm Østevold Fjose, Stord
Anette K. Servan, Bergen
Einar Svendsen, Askøy

Kvinnepolitisk utval

Vibeke Johnsen
Leiar
Telefon: 958 99 022
E-post: vibeke.j@online.no

Medlemar i utvalet:
Eva Aarskog, Øygarden (nestleiar og ansvarleg for 8-marsinitativet i Bergen)
Jenny Kjøsnes, Fjaler
Anna Nordlund, Alver
Anna Katrine Eltvik, Bergen
Marita Solvang, Bremanger
Silje Hjelmeland Olsen, Kvinnherad
Lena Grønningsæter, Bergen
Shayan Hussein, Bergen

Distriktspolitisk utval

Gaute Losnegård
Leiar
Telefon: 994 42 512
E-post: gaute.losnegard@enivest.net

Medlemar i utvalet:
Elisabeth Croles, Kvinnherad SV
Mari Svartveit Hansen, Ullensvang SV
Jon Valur Olafsson, Kinn
Bjørn Kåre Engseth, Eidfjord
Siri Janne Lianos, Bjørnafjorden
Geir Madsen, Kvam SV
Bjørg Fritsvold, Vik SV
Henry Lie, Bergen/Arna

Motmelding distriktsmeldinga Vestland SVLast ned

Fagleg Utval


Leiar
Telefon:  
E-post:

Medlemar i utvalet:
Anders Haug Nossum, Fellesforbundet, Øygarden
Anne Åsheim, Norsk Folkehjelp, Bergen
Craig Russell Lundervik Bøthun, , Bjørnafjorden
Eskild Hustvedt, Fagforbundet i Helse-Bergen, Bergen
Hege Bjørnar, Fagforbundet, Bjørnafjorden
Henrik Fjeldsbø, Industri Energi, Høyanger,
Jorge del Pino, Fagforbundet, Stord
Jørgen Mjelve, NTL, Bergen
Knut Remi Heimvik, Fagforbundet, Bergen
Marianne Sæhle, NSF, Bergen
Rafael Cobo, Skolenes Landsforbund, Askøy
Steinar Nørstebø, Handel og Kontor, Bergen
Tina Åsgård, NTL, Bergen
Tone Otterlei, Fellesorganisasjonen, Sunnfjord
Tore Muller Andresen, HK Finansforbundet, Bergen
Ørjan Hatlestad, ,Bergen
Stefan Lindner, fylkeshovedtillitsvalgt for tannlegeforeningen, Bergen
Åge Rosnes, Landsforbundet for offentlig pensjonister, Askøy

Antirasistisk Utval

Rafael Cobo
Leiar
Telefon: 456 61 205
E-post: cobrafael@gmail.com

Medlemar i utvalet:
Camilla Ahamath, Bergen
Symphorien Pombe, Øygarden
Elin Hege Lona, Bergen
Abdu – Abduljabbar Al Ammouri, Aurland
Benedict Ernest Peter, Bergen
Kjersti Følling Slettemark, Bergen
Jonathan Johannessen, Bergen
Rebecca Staurset, Bergen
Ahmad Isse Abdulahi, Bergen

Utdanningspolitisk Utval

Åsmund Berthelsen
Leiar
Telefon: 932 37 073
E-post: asmund.berthelsen@icloud.com

Medlemar i utvalet:
Hilde Iren Rivedal, Sunnfjord
Erlend Breidal, Bergen
Norvall Nøringset, Sunnfjord
Evelyn Monslaup, Austrheim
Eigil Hole Lønning, Bergen
Maryan Georgsdatter Mundal, Sogndal
Kristin Brattetaule Mange, Bergen
Trude Kyrkjebø, Alver
Sveinung Unneland, Bergen

Internasjonalt Utval

Diane Berbain
Leiar
Telefon: 995 76 571
E-post: diane.berbain@gmail.com

Medlemar i utvalet:
Rafael Cobo, Askøy
Soukaina Legdani Hiis Bergh, Bergen
Arne Haukeland, Ulvik
Thomas Helland-Hansen, Bergen
Peter Johan Magnus, Bergen
Martin Lindland, Bergen
Johanne Marie Sletten, Bergen

Skeivt Utval

Oppstart 2022

Om utvala i Vestland SV sin arbeidsplan

Utval og nettverk

Sentralt i eit parti står politikkutvikling, debatt, samhald og inkludering. Utvala og nettverka kan spele ei viktig rolle på alle desse områda. Eit godt utval kan lage og vidareutvikle politikk, leggje til rette for debatt samt sikre samhald og inkludere og skape aktivitet for både nye og gamle medlemar. Utvala må sjølve skape aktivitet, men fylkesstyret og fylkeslaget skal legge til rette for gode og aktive utval gjennom perioden. 

Alle utval

  1. Fylkesstyret set ned utval og skal følgje opp utvala og nettverka, mellom anna ved at fylkesstyret er representert i alle utvala.
  2. Utvala har som oppdrag å skulere på seminar og fellesmøte, skape og vidareutvikle politikk i tillegg til å utvikle og formidle kunnskap på einskildfelt.
  3. Utvala skal i framkant av val setje seg inn i relevante dokument for fagområda sine. Framfor fylkestingsvalet skal dei spele inn til dei ulike delane av fylkestingsprogrammet til Vestland SV for 2023-2027, og bidra i valkampen. 
  4. Alle utvala skal fremje sitt politiske område både i samfunnet og i partiet. Til dømes ved å skrive lesarinnlegg, utvikle politikk og skulere fylkeslaget samt anna profilering.
  5. Fylkesstyret skal opprette eit Skeivt Utval

Kvinnepolitisk utval

Noreg er kome langt i jamstillinga, men vi er framleis ikkje jamstilte. SV skal setje feminismen på dagsorden både i og utanfor partiet.

  1. Det er eit mål at så mange som mogleg frå SV skal delta på 8. mars, og i Bergen skal kvinneutvalet saman med Bergen SV bidra til mobilisering til Kvinnefestivalen i Bergen.
  2. Utvalet skal ta initiativ til å vere medtilskipar på minst eitt arrangement på kvinnefestivalen.
  3. I framkant av 8. mars skal utvalet oppmode og bidra til lokallaga er aktive lokalt.
  4. Utvalet skal jobbe aktivt for at kvinner stiller til verv i partiet og som folkevalde.

Miljøpolitisk utval

På kort tid må vi vri om økonomien ved å byggje grøn industri og utvikle grøn teknologi her på Vestlandet.

  1. Utvalet skal ta ei leiarrolle i arbeidet med eit «Rettferdig grønt skifte» og skulere partiet på området. Utvalet skal følgje aktuelle miljøpolitiske saker og markere partiet i viktige saker.
  2. I samband med miljødagen 5. juni skal utvalet oppmode lokallaga om å lage aktivitet.
  3. Utvalet skal ta kontakt med nokre av miljø-fagmiljøa og utvikle politikk basert på kunnskapen derifrå.

Fagleg utval

SV høyrer til i arbeidarrørsla saman med fagforeiningane. Saman kjempar vi for eit meir rettferdig samfunn og difor er tett samarbeid viktig.

  1. I perioden skal utvalet fremje fagleg politikk både i og utanfor partiet. Til dømes gjennom å skrive debattinnlegg i tillegg til anna profilering.
  2. Utvalet skal søkje å samarbeide med Bergen SV om det faglege arbeidet.
  3. Utvalet skal drive nettverksbygging og søkje å kople saman SV-arar som er tillitsvalde i fagrørsla.
  4. Utvalet skal i framkant av 1. mai syte for og oppmode til lokallagsaktivitet.
  5. Eit mål for utvalet skal vere å aktivt gje innspel til, skulere om og vidareformidle saker i partiet på feltet.
  6. Utvalet skal ha jamleg kontakt med dei leiande fagforeiningane og delta på samlingar.
  7. Utvalet skal jobbe aktivt for at tillitsvalde stiller til verv i partiet og som folkevalde

Distriktspolitisk utval

SV vil ha levande bygder og byar og vi skal syte for berekraftige lokalsamfunn også i framtida.

  1. Utvalet skal halde fram med å vere eit samlepunkt for SV-arar som er engasjert i dette saksfeltet.
  2. Distriktspolitisk utval skal saman med fylkesstyret ta ei offensiv rolle i utviklinga av politikk som styrker distrikta, folkestyre og lokaldemokratiet.
  3. Eit mål for utvalet skal vere å aktivt gje innspel til, skulere og vidareformidle saker i partiet på feltet. Både Sogn og Fjordane og Hordaland har mange små lokalsamfunn, og utvalet skal difor syte for at Vestland SV bidreg til politikkutviklinga på feltet nasjonalt.

Antirasistisk utval

Nordmenn finst i alle fargar og formar. Likevel ser ein framleis rasisme og mangel på representasjon.

  1. Utvalet skal fremje anti-rasistisk politikk både i og utanfor partiet. Til dømes gjennom debattinnlegg i tillegg til anna profilering.
  2. Utvalet skal aktivt utvikle anti-rasistisk politikk og knyte band med andre antirasistiske organisasjonar.
  3. Utvalet skal vere med å bidra til å ta imot og inkludere folk med minoritetsbakgrunn i partiet.
  4. Antirasistisk utval skal jobbe aktivt for at SV-arar med minoritetsbakgrunn nominerast høgt på vallister og veljast til viktige verv i partiet.

Utdanningspolitisk utval

  1. Utvalet skal utvikle politikk på utdanningsområdet, frå barnehage til høgskule/universitet og innan etter- og vidareutdanning.
  2. Utvalet skal arbeide for SV sin politikk på området og markere SV sin politikk og søkje å påverke både lokalt, i fylket og nasjonalt.
  3. Utvalet skal gje råd og innspel til arbeidet i kommunane og i fylkeskommunen, mellom anna til SV sitt medlem i hovudutvalet for opplæring og kompetanse.
  4. Utvalet vert leia av Åsmund Berthelsen som er nestleiar i hovudutval for opplæring og kompetanse i Vestland fylkeskommune.

Internasjonalt utval

Internasjonal solidaritet og internasjonal politikk er eit viktig politikkfelt for SV.

  1. I løpet av året skal fylkesstyret søkje å lage eit Internasjonalt utval i Vestland SV. Målet er å samle folk som har interesse og arbeidslyst for dette politikkfeltet.
  2. I første omgang er det eit mål å skape aktivitet til internasjonale politikk knytt til stortingsvalkampen.
  3. Utvalet skal halde kontakt med internasjonalt utval sentralt.