Sykkel for dei få

Publisert av: olavvlam Publisert: 27. november 2017
Oppdatert: 28. januar 2022
Lesetid: ca. 3 min
Sykkel er det mest samfunnsøkonomiske lønsame tiltaket vi kan gjere. Det trumfar alle andre investeringar på veg, sjø eller bane, skriv Marthe Hammer i BT.

Klikk her for å lese saken på bt.no

Eg syklar. Heile året. Det er ei stor kjensle av fridom å kunne sykle til og frå jobb, kunne nytte sykkelen som ein integrert del av min transportkvardag. Eg har levert barn i barnehage, syklande med vogn, med to barn til to forskjellig barnehagar. Eller som no, gåande til barnehagen med eit barn i den eine handa, sykkelen i den andre.

Eg syklar til vanleg i treningsklede, med større fantomet-utsjånad, jo kaldare det er. Turen frå Bønes ned til Fjøsanger og opp igjen til Haukeland gjer at eg blir sveitt, og da er det berre å innstille seg på at dette også er min form for trening. Ferdig trent til middag er kvardagssyklistane sitt motto.

Men eg syklar også i pene kvardagsantrekk, og skjørt. Er det opphaldsvêr, eller til og med sol, er turen frå Bønes til sentrum i roleg tempo heilt fint å gjennomføre utan å måtte skifte etterpå.Les også

Bergen trenger en Robin Hood på sykkel

Eg skulle ønskje at mange fleire bergensarar såg kor fantastisk det er å ha sykkel som sitt fremste transportmiddel. Og eg håper fleire får ei aha-oppleving. Slik som vår nabo som fann ut at berre ved å kjøpe seg ein sykkel til, med piggdekk, så vart han plutseleg heilårssyklist. Kvifor i alle dagar hadde han ikkje gjort dette før?

Sykkel er det mest samfunnsøkonomiske lønsame tiltaket vi kan gjere. Det trumfar alle andre investeringar på veg, sjø eller bane. Forsking anslår at nytta av å leggje til rette for sykling er 3–5 gonger høgare enn kostnadene. Likevel er det så vanskeleg å få fortgang i dette arbeidet.

Hordaland Fylkesting handsamar i desse dagar forlenging av sykkelbyavtalen mellom Bergen kommune, Statens vegvesen (SVV) og Hordaland fylkeskommune (HFK). Det er klart vi skal forlenge avtalen, men i Bergen må vi framleis innsjå at arbeidet ikkje går fort nok.I Bergen sin sykkelstrategi er det eit mål om 10 prosent sykkeldel innan 2019. I Bergensprogrammet er det eit mål om 6,8 prosent. Sist vi sjekka (2013) var talet 3,4 prosent, ein nedgang frå 2008.

Kva er stoda no, no som vi skal forlenge avtalen? Ingen veit. Det er rett og slett for dårleg.Les også

7 råd til sykkelbyen Bergen

Sykkelbyavtalen fortel om mykje bra arbeid med omdømme, kampanjar, sykkelparkeringshus, sykle-til-jobb-aksjon og skilt. Men kor blir det av asfalten? Sykkelvegen? Kor mykje sykkelveg har ein eigentleg klart å byggje dei siste åra? Og kva med hovudsatsinga i Bergen sin sykkelstrategi, eit ferdig utbygd hovudvegnettet for sykkel innan 2019?

Det er også urovekkjande at ein ikkje klarer å nytte dei midlane som blir øyremerkte sykkel og sykkelinfrastruktur. I mange år på rad har midlane til sykkel i bergensprogrammet blitt overført til året etter. Summerer ein opp, er det snakk om over 100 millionar ubrukte midlar til sykkeltiltak.

SV meiner det er naudsynt å gå gjennom heile måten vi organiserer sykkelsatsinga på. Vi og fleire andre har tidlegare foreslått eit sykkelkontor etter modell frå Bybanen utbygging. I utbygging av bybanen har ein etablert ein felles prosjekt og planleggingsorganisasjon. Der sit både Bergen kommune, Hordaland fylkeskommune og Statens vegvesen rundt same bord, planlegg og gjennomfører utbygging av Bybanen.Les også

Elsk en syklist

For det er planlegging og utbygging av sykkelvegar som trengst no.

Vi kan ikkje berre vidareføre sykkelbyavtalen utan å diskutere kvifor vi ikkje når måla våre og korleis vi kan gjere det betre. For som vi veit, det er faktisk ikkje pengane det står på, det er handlekrafta og gjennomføringsevna som manglar.

Bergen og Hordaland har gjort store framsteg når det kjem til å endre transportvanar og få heile transportsektoren til å verte miljøvennleg. Hordaland Fylkeskommune sin miljøvennlege ferjer kuttar no utsleppa med 90 prosent.

Vi har Bybanen som har medverka til å endre bergensarane sin reisevanar dramatisk berre på nokre få år. Vi har tatt i bruk verkemiddel som rushtidsavgift for å stimulere folk til å reise kollektivt, og hindre kø. Kvifor er da sykkelen framleis berre eit gode som nokre få har oppdaga?