Politiske utval

Kva er politiske utval?

Dei politiske utvala i Vestland SV er organisert etter saksfelt. Dei arbeider for at vi skal ha oppdatert og relevant politikk, og legg opp til god og ope debatt i partiet. Utvala har medlemmer frå heile fylket som har spesiell interesse eller kompetanse på eit politisk felt. Dei veljast av fylkesstyret for eitt år av gongen.

Kva gjer ein i utvala?
Utvala møtast i hovudsak digitalt, men skal også ha ein eller to samlingar i året. På møta har dei innleiingar, føredrag og diskusjonar – og jobber med fråsegner, debattinnlegg eller anna. Utvala organiserer sjølv aktiviteten sin, og har stor friheit i kva dei ynskjer å finne på.

Kven kan bli med? 
Det viktigaste er at ein har engasjement og vilje til å gjere noko. Dette er staden for deg som vil lære meir om eit politikkfelt, og gjerne ynskjer å bidra med dine kunnskapar. Medlemma blir utpeika av fylkesstyret ein gong i året, på våren etter fylkesårsmøtet.

Kvifor har me politiske utval?
Politikkutvikling handlar om å identifisere problem, samle kunnskap, og å finne gode politiske løysingar. Utvala våre skaper debatt og finn på gode løysingar. Dei skriv fråsegner som kan vedtakast av fylkesstyret eller i fylkesårsmøta, og dei gjev viktige bidrag til våre folkevalgte, og i våre programprosessar i forkant av val.


Våre politiske utval

Under er ei liste over dei politiske utvala i Vestland SV. Saknar du eit utval? Ta kontakt på vestland@sv.no!

Miljøpolitisk utval

Miljøpolitisk utval arbeider med grøn politikk for å stanse klimaendringane, verne natur, samt sikre dyreliv og artsmangfald.

Leiar: Jens Revold

E-post: jens.revold@gmail.com

Kvinnepolitisk utval

Kvinnepolitisk utval arbeider med feministisk politikk for kvinnekamp og likestilling.

Leiar: Erle Liliane Wesenlund

E-post:

Distriktspolitisk utval

Distriktspolitisk utval arbeider for levande distrikt i alle deler av Vestland, og favner om mange felt som til dømes kommunal-, familie-, nærings- og landbrukspolitikk.

Leiar: Kai Øystein Søvde

E-post: kaisovde@gmail.com

Fagleg utval

Fagleg utval arbeider for ein raud arbeidslivspolitikk på lag med fagrørsla, for offentleg velferd, for fellesløysingar, og mot privatisering.

Leiar: Torstein Gya

E-post: gya.torstein@gmail.com

Inkluderingspolitisk utval

Inkluderingspolitisk utval arbeider med i asyl- og flyktningpolitikk, integrering, inkludering, antirasisme og mangfald.

Leiar: Milkissa Chimdessa Wodajo

E-post: mcrobsan@gmail.com

Internasjonalt utval

Internasjonalt utval arbeider med utanrikspolitiske spørsmål, tryggleikspolitikk, FN, EU/EØS og andre internasjonale organ.

Leiar: Ikkje aktivt

E-post: vestland@sv.no

Digitalpolitisk utval

Digitalpolitisk utval arbeider med politikk for bruk og regulering av digitale plattformer, sosiale media, kunstleg intelligens og anna.

Leiar: Jill Walker Rettberg

E-post: jillrettberg@protonmail.com

Utdanningspolitisk utval

Utdanningspolitisk utval arbeider med utdanningspolitikk frå barnehage til og med vidaregåande skule.

Leiar: Birk Alexander Wathne Monsen

E-post: birk.monsen@gmail.com