Ei farlegare verd

Publisert av: olavvlam Publisert: 23. august 2019
Oppdatert: 28. januar 2022
Lesetid: ca. 2 min
SV vil legge 1,5 graders målet til grunn for, og invitere alle parti i Vestland til å bli med på ein klimadugnad kor vi forpliktar oss til å fortsette å vere Norgesleiande i klimakutt

Klikk her for å lese innlegget på Firda.no

Sjølvberging, aggregat, kjøkkenhagar og solcellepanel er noko vi må begynne å sette oss inn i. Vi må rett og slett førebu oss på at straumen og vatnet kan verte borte i fleire dagar, at mobilnettet kan slutte å virke, eller at det blir vanskeleg å få tak i mat. Fordi vi på grunn av menneskeskapte klimagassutslepp styrer mot ei framtid kor naturen vi lever i vert farlegare. Her i Vestland kan det bety meir kraftig nedbør og overvatn, oftare regnflaum, regnskred, jordskred og sørpeskred, samt auka stormflaumnivå ifølgje ein ny rapport frå Røde Kors.

Ekstremvêr øydelegg vegar og bustadområde som før aldri har vore i nærleiken av flaum eller ras. Det gjer det meir usikkert om vi kjem oss til sjukehus, eller om vi oppnår kontakt med omverda. Ting vi til no har tatt for gitt, eller regna med er berre for andre deler av verda, kan om 100 år vere ein realitet.

Klimakrisa er ikkje éi stor hending som endrar alt på ein dag, men endringar kjem over tid. Det er i nærmiljøa vi no tydelegast ser konsekvensane av klimaendringane. Vi kjenner dei som har mista huset i flaum, eller dei som måtte slakte husdyr på grunn av tørkesommaren i fjor.

No har vi komme til eit punkt kor dei menneskeskapte klimagassutsleppa må ta slutt om vi skal unngå heilt katastrofale følgjer. At det rett og slett blir farlegare å bu i Noreg. Regjeringa tar ikkje krisa på alvor. Statsministeren meiner vi skal fortsette å fly som før, regjeringa gir ut 90 nye leitelisensar for meir olje sjølv om vi veit at olja og gassen må ligge, og klimagassutsleppa går opp – ikkje ned.

Vi som stiller til val er derfor nøydde til å spele ei viktig rolle for å redusere klimagassutsleppa. Hordaland fylke har gått føre og stilt tøffe miljøkrav i tildelinga av nye ferjeanbod, Med det halverer vi Hordaland sine eigne utslepp allereie innan 2 år, det er konkrete tiltak som verkar. Det viser at det er mogleg å handle lokalt for ei global krise. No er spørsmålet, skal Vestland halde fram med å vere verdsleiande i miljøteknologi, og noregsleiande i å sette tøffe miljøkrav og i reduksjon av klimagassutslepp, eller skal Vestland gjere det regjeringa driv på med, ropar høgt om klimatrusselen, men gjer ingen ting. Regjeringas handlingsplan for grøn marin skipsfart burde vore eit reelt grep for framleis omstilling, i staden er det nok eit dokument med uklare formuleringar. Regjeringa snakkar og snakkar om det grøne skiftet, men skal framleis vurdere ei ordning som påskjøner fylke som tør å sette miljøkrav. Det er kritisk at regjeringa kjem på banen i denne saka. Det må lønne seg å velje miljøvennleg, også for fylke og kommunar.

Det er vi som merkar det. Det er vi som må betale for vegane som er rast ut, det er vi som må ut å leite etter folk. SV vil legge 1,5 graders målet til grunn for, og invitere alle parti i Vestland til å bli med på ein klimadugnad kor vi forpliktar oss til å fortsette å vere Norgesleiande i klimakutt. Ikkje først og fremst for oss sjølve, men for våre barnebarn som om 100 år må leve i ei farlegare verd.

Åsmund Berthelsen,
Marthe Hammer