Ta kommunestyret på alvor og klag på driftskonsesjonen!

Publisert av: olavvlam Publisert: 19. august 2020
Oppdatert: 28. januar 2022
Lesetid: ca. 2 min
På punktet om rest- og avgangsmassehandtering burde direktoratet vore meir konkret, meiner kommunediretktøren. Men han vil berre utfordre mineraldirektoratet og ikkje klage. Det er vel det same som å tru på jolenissen når ein kjenner saka om mineralutvinning i Engebøfjellet.

Klikk her for å lese saken på Firda.no

Med 23 mot 22 røyster vedtok Sunnfjord kommunestyre den 12.november i fjor å seie ja til søknaden om driftskonsesjon for Engebøprosjektet frå Nordic Rutile. Den avgjerande formuleringa for å få på plass den siste røysta var, etter forslag frå Jenny Følling og Håkon Myrvang: “Sunnfjord kommune støttar mineralutvinning på Engebøfjellet, og full utnytting av ressursane for å unngå bruk av sjødeponi.»

Mineraldirektoratet har sagt ja til driftskonsesjonen utan «full utnytting av ressursane for å unngå sjødeponi.» Direktoratet godtek at store mengder salbar granat går i sjøen, med dei konsekvensar det har. Ein viktig ikkje fornybar ressurs som kunne vore selt for millionsummar vert dumpa på botn av Førdefjorden.

Direktoratet sitt ja til dette er i strid med både fleirtalet og mindretalet i kommunestyret den 12. november 2019. Driftskonsesjonen må difor verte påklaga av formannskapet som handsamar saka no torsdag den 20. august. Noko anna vil vere å ikkje ta kommunestyret sitt vedtak på alvor!

På punktet om rest- og avgangsmassehandtering burde direktoratet vore meir konkret, meiner kommunediretktøren. Men han vil berre utfordre mineraldirektoratet og ikkje klage. Det er vel det same som å tru på jolenissen når ein kjenner saka om mineralutvinning i Engebøfjellet.

Ei anna viktig formulering i vedtaket i kommunestyret i november 2019 var: «Det må bli gjort ei ny totalvurdering av kjemikaliar tenkt brukt i Engebøprosjektet.» Det har heller ikkje mineraldirektoratet stilt krav om. Endå ein grunn til å klage!

Dei fleste vilkåra/krava Sunnfjord kommunestyre stilte er ikkje med i direktoratet sitt løyve vil driftskonsesjon. Korkje på samfunns-og næringsutvikling, busetting, kollektivtilbod og anna. I oppramsinga i saksutgreiinga til kommunedirektøren vert det delvis vist til at det ligg føre ei avtale mellom kommunane og selskapet, at det ligg i reguleringsplanen eller at det er politiske spørsmål. Mest alt som er formulert er lite konkret ,og i generelle vendingar. Om ein meiner at noko er så viktig at det skal vere vilkår for driftskonsesjon må det følgjast opp.

Ei klage vil fyrst gå til mineraldirektoratet som vurderer om dei vil gjere om løyvet. Så går klaga vidare til nærings-og fiskeridepartementet som tek endeleg avgjerd.

Åsmund Berthelsen