Vestland fylke har lukkast både på miljø og opplæring.

Den økonomiske situasjonen til fylkeskommunen er ikkje resultat av aktløyse og manglande politisk styring. Det er stikk motsett.

Medieoppslag dei siste dagane syner at Vestland fylkeskommune er i ein krevjande økonomisk situasjon. Men situasjonen er ikkje eit resultat av aktløyse og manglande politisk styring. Det er stikk motsett. Auken i utgiftene er resultat av at Vestland har lukkast, og lukkast veldig godt. Både på miljø og opplæring.

Anboda med dei miljøvennlege ferjene i gamle Hordaland er vel kjent. Dei får ned klimautsleppa! Men dei er framleis hovudgrunnen til spareprosessen i fylkeskommunen. Anboda medverka til 350 millionar i auka årlege kostnader. Ein ynskt og villa politikk som er tinga av stortinget og som har redusert utsleppa frå ferjene med 90 prosent. I tillegg er det god næringspolitikk fordi det har medverka til å sette den maritime næringa vår i førarsetet i den grøne omstillinga internasjonalt. Fylkeskommunen fekk nokre millionar i sommar, men framleis ikkje ein talfesta sum for åra framover. Difor held fylkesrådmannen med å legge inn kutt for å få budsjett og økonomiplan til å gå opp.

På opplæring er det også overforbruk, men det har knapt nok vore fokus på at hovudgrunnen er at vi har lukkast. Lukkast med å få fleire til å ta yrkesfag, og kome ut i lære. Ein nasjonal og ønskt utdanningspolitikk har Vestland fylkeskommune lukkast med. 40 millionar i overforbruk fordi vi har auka tilskot til lærlingar for å få fleire ut i lære. Og då sjølvsagt auke i tal på dei som faktisk tek fagprøva.

Det er mest som eit hån at regjeringa struper dette feltet, men samstundes seier at dei driv ein aktiv nærings- og utdanningspolitikk som legg til rette for framtidas arbeidskraft. Regjeringa straffar Vestland fylkeskommune for å lukkast med å sikre arbeidskraft for framtida og for å følgje opp miljøkrava til Stortinget i anbod. I staden burde ein fått påskjøning for fordi vi rustar Vestland til å møte utfordringane i framtida, på arbeidsmarknad, industriutvikling og grøn omstilling.

Marthe Hammer, gruppeleiar (SV), nestleiar utval for samferdsle og mobilitet Vestland fylkesting
Åsmund Berthelsen, nestleiar utval for opplæring og kompetanse (SV) Vestland fylkesting