Høgre snakkar i festtaler, vi andre gjer noko!

Publisert av: vestland Publisert: 13. oktober 2020
Oppdatert: 28. januar 2022
Lesetid: ca. 3 min
Marthe Hammer svarar Høgres Mats Kirkebirkeland om festtalar og yrkesfag.

Mats A. Kirkebirkeland frå Høgre si stortingsgruppe er oppteken av yrkesfaga, og meiner Vestland fylkeskommune ikkje skal kutte ut TAF. TAF er Teknisk – Almenne Fag, der ein oppnår både fagbrev og studiekompetanse. Det er eg einig i. Heldigvis er framlegget frå fylkesrådmannen berre eit framlegg, og ikkje noko som kjem til å verte vedteken. Fordi fleirtalet i Vestland fylkeskommune prioriterer yrkesfaga. 

Det er fiffig, at Kirkebirkeland sjølv løfter fram den gode statistikken frå Vestland. «I Oslo, hvor jeg bor, vil kun 23 prosent av foreldrene anbefale yrkesfag til sine barn […]. Tilsvarende andel for Vestlandet er 39 prosent.»

For etter at Høgre og Frp mista makta i Hordaland, så vart det endeleg satsing på yrkesfaga. Ei satsing som er ei så stor suksesshistorie at dei vekkjer nasjonal oppsikt, og andre fylkeskommunar står i kø for prøve ut tiltaka. Talet på elevar som gjekk frå vidaregåande skule i Hordaland til læreplass auka frå ca 4400 i 2016 til vel 5200 i 2019, sjølv om elevtalet har vore om lag stabilt. Enkelte skular har fått ein auke i dei som går frå vg2 yrkesfag til læreplass frå rundt 40 prosent i 2016 til 80 til 90 prosent i 2019. Årsaka er prosjektet «Auka gjennomføring – fleire ut i lære» som Hordaland fylkesting sette i gong i 2016, etter av Høgre og Frp var ute av styringa.

Og så skrive Kirkebirkeland: «Undertegnende kjenner ikke til Vestlands økonomiske situasjon i detalj, men synes likevel det er forunderlig at man foreslår å kutte i et unikt skoletilbud som ivaretar de dype og stolte industri- og yrkesfagtradisjonsrøttene i de to tidligere fylkene.» Ja, det er openbart for alle, men også urovekkande, at Kirkebirkeland ikkje kjenner detaljane i den økonomiske situasjonen.

For det fyrste kan ikkje Kirkebirkeland vere klar over at satsinga på yrkesfag kostar. 40 millionar meir kostar det å lukkast på yrkesfaga, 3 mill berre fordi fleire tek fagprøve. Kva gjer Høgre i regjering med det? Dei kutter overføringane til fylkeskommunen, og gjer oss mindre å rutte for. 

For det andre, så er jo heile grunnen for forslaget om kutt i TAF, at Vestland fylke må gjennom ein hestekur av ein spareprosess på grunn av manglande midlar nye miljøvennlege ferjeanbod – som Høgre har vore del av. 350 mill i auka årlege kostnader. Men, regjeringa gir i realiteten ikkje ei krone, snarare tvert imot. Totalen er kutt. Vestland fylke har lukkast med å sette maritim næring i fronten på det grøne skiftet, lukkast med å redusere utsleppa frå ferjene med heile 90 prosent, men det hjelper lite på balansen i økonomiplan. 

Men det hindrar ikkje Kirkebirkeland i å skrive eit lesarinnlegg om kvifor det er så viktig med yrkesfaga, med flosklar som «Det er viktig at yrkesfag ikkje kun prioriterast i festtaler. Fylkespolitikerne i Vestland bør ikke bare skrote det foreslåtte kuttet i TAF, men utvide det til flere skoler og yrkesfagretninger.» Da må eg berre rope ut. Det er jo du sjølv, og heile Høgre som snakkar om yrkesfaga i festtalar. Du er openbart så freidig at du vel å skrive eit lesarinnlegg om kor viktig yrkesfaga er, men sjølv så gjer ein det vanskjeligare å prioritere yrkesfaga. Gå tilbake til fleirtalet ditt, til di eiga regjering, og sørg for at dei som faktisk lukkast med yrkesfag kan halde fram, og ikkje verte straffa slik som realiteten er no. TAF kjem til å fortsatte, for i motsetnad til Høgre så gjer vi noko med det. 

Marthe Hammer
Gruppeleiar for SV i fylkestinget i Vestland
Nestleiar Utval for miljø og samferdsle

Les Mats Kirkebirkeland i BT her