Hege Lothe på topp

Publisert av: vestland Publisert: 14. oktober 2020
Oppdatert: 09. juni 2021
Lesetid: ca. 3 min
Nominasjonsnemnda i Sogn og Fjordane valkrins har satt Hege Lothe på topp av Stortingslista

Nominasjonsnemda sender i dag ut sitt forslag til innstilling til stortingsvalet 2021 for valkrinsen Sogn og Fjordane til lokallaga. Vi er veldig glade for at Hege Lothe frå Gloppen er vår 1. kandidat og er trygge på at med hennar erfaring og engasjement vil vi gå inn i ein valkamp med saker som handlar om ein politikk for dei mange og ikkje for dei få i Sogn og Fjordane valkrins! 

Blant dei fem første kandidatane ønskja nominasjonsnemda å prioritere ein i frå kvar av dei tre regionane, ein ungdomsrepresentant og ein med minoritetsbakgrunn. Vi er veldig nøgd med at vi har fått det til! Vår 2. kandidat Hans Christian er berre 21 år, men likevel erfaren i vårt ungdomsparti SU og er i tillegg folkevald. 

Stortingsvallista har 10 gode namn og vi i nominasjonsnemnda har jobba etter same mønster som tidlegare, med god spreiing på kjønn, politisk ståstad/erfaring, geografi, etnisitet osb. 

Nominasjonsmøtet er  14. november, der den endelege lista skal vedtakast. No går vårt forslag ut til lokallaga i Sogn og Fjordane valkrins. 

– Sogn og Fjordane har både kultur, natur og næring som er viktige å ta vare på, kjempe for og utvikle inn i framtida. Difor vil eg arbeide for vår plass i verda, for eit sjølvstendig Sogn og Fjordane, for internasjonal solidaritet, for klima og for mindre forskjellar mellom folk, kommenterar Hege Lothe

NamnKommuneFødselsår
1Hege LotheGloppen1972
2Hans Christian Knudsen SUSU1999
3Vibeke JohnsenSogndal1966
4Åsmund BerthelsenSunnfjord1952
5Nermin Ali WastaKinn1966
6Silje HøgelidHøyanger1995
7Bent-Inge A. Borgund  Stad1975
8Hilde Iren RivedalSunnfjord1973
9Sæmund StokstadLærdal1985
10Heidi Grande RøysKinn1967

Ein kort presentasjon av dei 5 første kandidatane:

Hege Lothe er 48 år og busett i Gloppen. Der bur ho saman med mann og to barn, og er tilsett som organisasjons- og informasjonskonsulent i Noregs Mållag. Ho har tidlegare lang organisasjonserfaring frå mellom anna Nei til EU og er i dag rådsvaraordførar i Nynorsk kultursentrum og styremedlem i Gloppen Bygdekvinnelag. Hege er i dag leiar i Vestland SV på andre året, og har bak seg 12 år i kommunestyret for SV. Ho har tidlegare vore leiar i Sogn og Fjordane SV og landsmøtevald landsstyrerepresentant i SV. Førre stortingsval hadde ho 3. plassen på lista. Hege Lothe er ein røynd og engasjert SV-politikar som er godt likt i heile fylket.

Hans Christian Knudsen er 21 år,  jobbar i 4H, og studerar økonomi og administrasjon. Hans Christian sitter i kommunestyret i Sogndal, og er nestleiar i komite for samfunnsutvikling. Han sitter også i Sosialistisk Ungdom (SU) sitt sentralstyre, og har hatt lang fartstid i Vestland SU – tidlegare Sogn og Fjordane SU. 

Vibeke Johnsen er 54 år og oppvaksen i Trondheim, bur  i Sogndal og har mann og to vaksne barn. Vibeke jobbar som leiar i NAV. Ho har vore studentpolitikar og leiar for SAIH (solidaritetsorganisasjonen til studentane), i tillegg til verv i SV sentralt som landsstyrerepresentant og i kvinnepolitisk utval og vore leiar i Sogn og Fjordane SV.  Vibeke har fleire periodar i kommunestyret og er i dag varaordførar i Sogndal kommune. Ho har vore 1. kandidat på stortingslista i 2013 og 2017. 

Åsmund Berthelsen fødd 1952 på Åmdals Verk, busett i Naustdal. Åsmund er lærar av yrke, men også jobba som journalist og forleggjar. Han var medlem av Naustdal kommunestyre for SV frå 1988, og var også varaordførar ein periode. Er i dag kommunestyremedlem og formannskapsmedlem i Sunnfjord kommune og sitter i Vestland fylkesting og er nestleiar i hovudutval for opplæring og kompetanse. Åsmund er også miljøpolitisk leiar i Vestland SV. 

Nermin Wasta er 54 år og jobbar på Skram skule i Måløy som barne og ungdomsarbeidar. Ho kom som flyktning frå Kurdistan i 2001 og har mann og 6 barn. Nermin sto på Kinn SV si kommuneliste i 2019 og synes at SV er det beste partiet når det gjeld flyktning- og inkluderingspolitikk.

Nominasjonsnemnda har bestått av:
Bente Nilsen, leiar (Kinn)
Jørgen Bergset (Stad)
Kristine Timberlid (Høyanger)
Steinar Øydvin (Sogndal)
Jakob Andrè Sandal (Sunnfjord)

Henvendingar kan rettast til: 
Bente Nilsen
Epost: bente.nilsen72@gmail.com
Mob: 902 22692