Sunnfjord kommunestyre har sagt nei til vindkraft!

Publisert av: olavvlam Publisert: 16. november 2020
Oppdatert: 28. januar 2022
Lesetid: ca. 2 min

Klikk her for å lese innlegget på Firda.no

Firda har to oppslag om vindkraft no laurdag. Eit søskenpar på Øksland kjempar mot vindkraftselskapet Zephyr. Dei etterlyser at også Sunnfjord kommune som Høyanger tek eit klårt standpunkt mot vindkraftplanane i området. Så seier ordførar Olve Grotle at han ikkje vil svare kategorisk ja eller nei til vindkraft.

Eg meiner ordføraren har grunnlag for å svare eit kategorisk nei til planane i dei nemnde områda. I november 2019 uttalte Sunnfjord kommunestyre seg om nasjonal ramme for vindkraft. I den ramma peika NVE ut «de 13 områdene som vi mener er mest egnet for vindkraftutbygging i Norge», heiter det på nve.no. Når kommunestyret «krev at dei områda som ligg i den nye kommunen vert tekne ut av nasjonal ramme for vindkraft», så må det bety at kommunestyret meiner at dei utpeika områda ikkje er eigna for vindkraftutbygging. Og såleis ikkje ville ha utbygging i fjellområda på grensa mellom Sunnfjord og Høyanger kommune. I kommunestyret var det avrøysting på dette punktet. Eit mindretal ville ikkje ha med den nemnde formuleringa om å trekke områda ut av nasjonal ramme.

I tillegg til å krevje at dei nemnde områda vart trekt ut av nasjonal ramme uttalte kommunestyret også kor ein ikkje ville ha vindkraft: «Sunnfjord kommune vil ikkje vil ha utbygging av vindkraft i urørd natur eller på kostnad av viktige verdiar knytt til natur, landskap, friluftsliv, kulturminne/kulturmiljø og reiseliv, og som er i strid med kommunestyrevedtak.»

Nasjonal ramme for vindkraft vart det ikkje noko av. Men det kan vel ikkje ha noko å seie for kva kommunen meiner om vindkraft i fjellområda mellom dei kommunane? I alle høve er det ikkje gjort nye vedtak, i kommunestyret.

Eg meiner dette skulle halde i massevis til å seie eit klårt nei til dei to selskapa som har planar i fjellområda, og be dei halde fingrane av fatet. Og såleis støtte søskenparet på Øksland!