Forside Korleis får me den beste skulen? Korleis får me den beste skulen?
Publisert av: vestland
Publisert: 18. desember 2020
Oppdatert: 09. juni 2021
Lesetid: ca. 2 min
Åsmund Berthelsen frå SV var saksordførar i saka om mål og strategidokument for den vidaregåande skulen i Vestland fylke.
- Mål- og strategidokumentet handlar om korleis fylkeskommunen vil fornye og forbetre den vidaregåande opplæringa for å auke gjennomføringa og bli den beste vidaregåande opplæringa. Fylkeskommunen vil ha merksemd på trivsel, motivasjon, læring og meistring i eit inkluderande miljø.
- Hovudmålet er klart, læring, utvikling for ALLE elevar og lærlingar. Det er resultatkvalitet, og det er læring og utvikling i brei tyding, fagleg, sosialt, lære å lære, utforske og skape, og lære å delta og kommunisere. Og det er mykje meir enn å hugse og å få gode karakterar.
- For å oppnå resultatkvalitet er det også viktig med kvalitet i rammene opplæringa har, i form av kunnskap og kompetanse hjå dei som jobbar i opplæringa og i både undervisningsrom, utstyr og andre fasilitetar.
- Og til slutt er også avgjerande korleis det som går føre seg i kvardagen, i klasserommet, i verkstaden og for lærlingane ute på arbeidplassen. Det handlar ikkje minst om relasjonane mellom lærarar og elevar, mellom elevane og mellom lærarane. Kvaliteten på læringsmiljøet og det totale psykososiale miljøet avgjer om det vert læring og utvikling. Og at alt dette virkar saman.
- Bømlo vidaregåande skule ser ut til å vere på sporet. I ei sak i NRK Vestland for ei stund sidan fortalde både elevar og rektor kva som gjorde at dei hadde oppnådd over 90 % gjennomføring. Elevrådsleiaren meinte skulemiljøet var det viktigaste. Og at lærarane var opne og såg elevane. Det handlar om relasjonar. Rektor sa at dei jobba systematisk med både det sosiale og det faglege for at færrast mogleg skulle falle frå. Det er heilskapstenking. Vidare sa rektor at det var fleire små grep som måtte til. Eit var å tildele elevar pult når dei starta. Då unngjekk dei at nokon storma inn i klasserommet. Det handlar om struktur og rammer. Og det skaper tryggleik. Elevrådslearen meinte dette førte til godt samhald i klassen der ein kjende kvarandre og jobba godt saman. Og elevane passa på kvarandre, dei var close. Om nokon ikkje møtte ein dag vart dei oppringt og spurt om kvifor. Elevane brydde seg om kvarandre og medverka. Det også handlar om relasjonar.
- I arbeidet med dokumentet er alle aktørar i den vidaregåande opplæringa innvolvert, elevar, lærarar, leiing, organisasjonar, forskarar og politikarar. Med det er dokumentet eller temaplanen godt forankra. Noko som er heilt avgjerande for vidare arbeid. Dokumentet er eit grunnlag for det arbeidet som no må skje på skulane, særleg i arbeidet med eigne utviklingsplanar. Og det er interesse og engasjement for dette. Det viser dei møta vi har hatt med skular. Men også skuleeigar må gjere noko og følgje opp. Fylkeskommunen må støtte skulane og andre i arbeidet med å forbetre og fornye – for å få den beste opplæringa og auka gjennomføring.
Mål og strategiar for vidaregåande opplæring i Vestland fylkeskommune 2021- 2025