Landstrøm til oljeutvinning er eit blindspor i klimakampen!

Publisert av: vestland Publisert: 08. mars 2021
Oppdatert: 27. januar 2022
Lesetid: ca. 3 min
Interpellasjon frå Marthe Hammer til fylkestinget 9. - 10. mars

Klimagassutsleppa frå petroleumsaktivitetar på norsk sokkel har auka med 78 % dei siste tretti åra, og står i dag for 28 % av Noregs totale klimagassutslepp. Gassturbinar brukt til kraftproduksjon på plattformane og fakling står for ein vesentleg del av dei samla CO2-utsleppa frå sokkelen. For at Noreg skal klare sine forpliktingar i Parisavtalen og kutte innanlandske utslepp, er det vesentleg å redusere desse utsleppa. 

Equinor skal nå bruke 50 milliardar på å elektrifisere norsk sokkel. Dette vil redusere selskapets utgifter til betaling av framtidig CO2-avgift, og det er med å bygge omdømme til Equinor som eit «grønt» selskap. Samtidig må vi vere ærlege på at dei store investeringane og infrastrukturen som elektrifisering etter all sannsynlighet vil bidra til å forlenge oljealderen. 

Vi bør også bekymre oss for kor krafta til elektrifisering skal komme frå. I notat om elektrifisering til hovudutval for næring 17.2.21 står det at «Det er planar om nytt forbruk på totalt 2800 MW Bergensregionen. (…)1/3 gjeld vidare elektrifisering av sokkelen». Elektrifisering av sokkelen er derfor ein vesentleg drivar for energi, og slik det er per no så er det lagt opp til at straumen skal komme frå land. Det er grunn til å frykte at det vil føre til et større press på å bygge ut meir vindkraft og fleire vassdrag, og det er stor grunn til å forvente at nye kraftledningar vil medføre nye masteaksjonar viss desse vert lagt i verdifulle kyst- og fjellområde. Samtidig vil energi som kunne blitt brukt til å elektrifisere og bygge ut landbasert grøn industri, bli brukt i fossilbransjen i staden. Dette er sløsing med rein energi.

I «Tilleggsinnspel frå Vestland til stortingsmelding om verdiskaping frå norske energiressursar» i fylkesutvalet 2.3.21 beskriv situasjonen godt: «Kraftsituasjonen i Bergensområdet er så anstrengt at det er helt naudsynt med spesiell innsats for å få nettiltaka i Bergensområdet raskare på plass. Skal Vestland og Noreg koma sigrande ut av det grøne skiftet på ein måte som gagnar både klima, økonomi og levekår er det avgjerande at ekstraordinære tiltak gjennomførast. Me er i det grøne skiftet no, næringslivet ser etter aktuelle lokasjonar. Har me ikkje straum til det grøne skiftet no, er vi heller ikkje med etter 2025, då har industrien etablert seg andre stader enn Vestland.»

Det er forbrenninga av olje og gass eksportert frå Norge, og ikkje sjølve produksjonen, som står for dei største utslippene. Klimagevinsten av elektrifisering er tilnærma null – kanskje til og med negativ viss det betyr færre grøne omstillingstiltak på land fordi dei store pengane vert brukt til å holde liv i petroleumsbransjen, og fordi all den rene krafta vert brukt til elektrifisering av sokkelen og ikkje til oppbygging av fornybar næring. Det har vi verken råd eller tid til! Saka i næringsutvalet skriv at det er behov for ekstraordinære tiltak, raskt. 

Det er eit stort potensial for havvind, men utviklinga går for sakte, dette til tross for at Equinor har fått over ein milliard i støtte frå ENOVA til arbeidet. Ein måte å både kunne elektrifisere sokkelen og samtidig redusere presset på ny fornybar utbygging på land, er å vere tøffare i kravet om at oljenæringa må skaffe straumen sjølv gjennom oppbygging av havvind. Eit slikt pålegg om å skaffe tilsvarande straumforbruk gjennom ny havvindproduksjon, saman med ei kraftig auke i CO2-avgifta på sokkelen, vil kunne gjere at utviklinga av havvind går raskare, og vi får elektrifisert sokkelen samtidig. I tillegg kan investeringane nyttast etter oljealderen i form av fornybar energiproduksjon.

Spørsmål til fylkesordføraren:

Framlegg til vedtak:

Fylkestinget i Vestland meiner elektrifisering av sokkelen basert på landstraum er feil veg å gå fordi det vil føre til auka press vindkraftutbygging, nye kraftkablar i verdifull natur og det kan fortrenge anna fornybar industrisatsing. Fylkestinget meiner at elektrifisering av sokkelen må skje gjennom ei kraftig auke i CO2-avgifter på sokkelen, kombinert med eit pålegg om at oljenæringa må skaffe straumen sjølv gjennom oppbygging av offshore havvind. Berre slik kan ein forsvare å nytte så mange milliardar på dette da det kan bidra til ny næring og ny kraftproduksjon.