Jernbane er framtida – bygg Bergensbana

Publisert av: olavvlam Publisert: 30. april 2021
Oppdatert: 28. januar 2022
Lesetid: ca. 2 min
Ny veg og bane, det såkalla K5 alternativet Arna – Stanghelle er eit ferdig regulert prosjekt som er klart til å starte no. Som berre venter på at regjeringa skal prioritere den.

Trude Brosvik, gruppeleiar for Krf forsøker i ulike media å sette intensjonsvedtak frå eit fleirtal på stortinget om Nord-Norgebanen opp mot ny veg og ny bane Bergen – Voss, samt gratis ferje og rassikring. 

Innlegget avslører manglande kjennskap til prosjekta og til jernbanen som transportmiddel. Nord-Norge banen er ikkje nokon reell utfordrar til ny veg og jernbane Arna- Stanghelle. Ny veg og bane, det såkalla K5 alternativet Arna – Stanghelle er eit ferdig regulert prosjekt som er klart til å starte no. Som berre venter på at regjeringa skal prioritere den. Som er avhengig av at jernbanemidlar til bygging kjem på plass.  

Eg må heller spørje Brosvik om ho trur vi kan starte bygging av Nordnorgebana i morgon? Det er berre K5 som vi kan starte å bygge i morgon, og det er det som bør skje. Det er ein lang prosess å kunne få til ei realisering av Nordnorgebana, den er ikkje på nokon måte ein trussel for Bergensbanen. Det er ikkje samanliknbare i det heile. SV har store ambisjonar for jernbane, og det vil vi halde fram med. Men, Bergensbana står øvst på SV sin liste over prioriterte jernbaneprosjekt, og den vil vi starte å bygge om vi skulle komme i posisjon til det. På same vis som vi gjorde med Ulrikentunellen. 

Dernest sår Brosvik tvil om jernbanen sitt fortrinn som transportmiddel. Som Anne Herdlevær i Bane Nor gjorde så godt greie for på Stanghelleseminaret sist veke, så gjentek eg; Jernbanen er den mest energieffektive, arealeffektive og klimaeffektive transportmiddelet på ei strekning som Vossebanen og Bergensbanen. For å frakte like mange passasjerar som eit dobbeltsett Flirt tog treng vi 130 elbilar, som igjen fører til kødanning og saktekøyring, og som igjen fører til behov for større veg. Det er vesentleg lågare energiforbruk per passasjer per tog enn bil, 44% mindre straumforbruk. Arealbeslaget på eit fullt tog er 0,2 km, mens arealbeslaget for ein bil er 4,2 km. Får vi fleire til å velje tog, vil det redusere framtidig arealbehov mellom Bergen og Voss.  

Toget er også mest klimavennleg for gods. Eit godstog kan frakte like mye gods som 22 vogntog. Eit godstog bruker berre 1/7 av energien til eit fly. Igjen så har toget lågast klimagassutslepp, mest arealeffektivt og mest energieffektivt.  

Trude Brosvik skriv at ho tenkjer gode riksvegar og fylkesvegar, gratis ferjer på kysten, bruer som bind saman og lagar god flyt for nullutsleppstransport, er betre bruk av fellesskapet sine midlar. Eg er samd med Trude om at vi må prioritere rassikring til riksvegar og fylkesvegar, men diverre er det inga auke i rassikring med Krf i regjering, ikkje i det heile. Krf i regjering prioriterer diverre dei store pengane til motorvegar og til ei gigantisk firefelts fjordkryssing til fleirfaldige milliardar mellom Stord og Os. Så lenge ein ikkje klarer å seie nei til Hordfast så treng ikkje Krf komme her å belære andre parti om klima og miljø og prioritering. Vis oss at de kan prioritere jernbanemidlane til Arna- Voss først. 

Marthe Hammer 
Gruppeleiar fylkestinget (SV) 
Nestleiar utval for samferdsle og mobilitet 

Kjartan Haugsnes 
Varaordførar Vaksdal (SV)