Planane for Engebøfjellet bør vurderast på nytt

Publisert av: froydis.olaussen Publisert: 17. juni 2021
Oppdatert: 28. januar 2022
Lesetid: ca. 2 min
Endå ein gong har Nordic Rutile endra planane for mineralutvinning i Engebøfjellet i Vevring.

Planane om å få vatn frå sørsida av Førdefjorden vert skrota. Selskapet satsar på å avsalte sjøvatn i staden. Føremålet er å få ned kostnadane, og med det få nye investorar til å bite på dette svært miljøskadelege prosjektet og å få aksjonærane til å halde seg i ro og etter kvart skyte inn endå meir kapital slik at selskapet kan drive vidare. Selskapet har endå ikkje hatt inntekter, men levd på den kapitalen aksjonærane stiller med. 

Dei endra planane vert framstilte som eit miljøprosjekt. Avfallsmengda har gått ned og det vert brukt mindre kjemikaliar. Men hovudsaka med å dumpe tonnevis med giftig gruveavfall ut i Førdefjorden, kappe Engebøfjellet og ha dagbrot, står fast. Dei to venstrestatsrådane, klima- og miljøminister Sveinung Rotevatn og næringsminster Iselin Nybø, kan stogge dette narrespelet. Dei to ministrane skal handsame kvar si klage frå Naturvernforbundet på tidlegare vedtak i Miljødirektoratet og Direktoratet for mineralforvaltning. Dei planane som ligg på bordet er noko anna enn det både kommunestyre, direktorat og departement i si tid sa ja til. 

Kravet må vere at Nordic Rutile lyt leggje fram dei endra planane for godkjenning. Det er fleire grunnar til at planane må opp att på nytt. Dei opphavelege planane som vart godkjende var eit reint rutilprosjekt. Det står med reine ord i godkjenninga til Kommunal- og moderniseringsdepartementet frå april i 2015. Etterkvart har utvinning av granat vorte viktigare og viktigare. 

Nordic Rutile konsekvensutgreidde ikkje andre måtar å deponere restmassane på. Prosjektet vart vurdert utifrå den mengda dei då hadde planar om å dumpe. No er mengda redusert kraftig, til ein fjerdedel. Då må andre måtar å handtere restmassane på vurderast på nytt! Kor mykje som vil bli dumpa er uvisst, men selskapet har framleis løyve til å dumpe den opphavelege mengda. Også fjellkappinga og dagbrotet må vurderast på nytt. Underjordsdrift har gruveindustrien halde på med i hundrevis av år. Den teknologiske utviklinga dei seinare åra har gjort at det er enklare og fullt mogleg, i følgje dei som har mest greie på det. Det kan godt nemnast at det er berre Noreg og Papa Nyguinea som gjeve nye løyve til å dumpe i sjø.

Direktøren i Nordic Rutile gjev inntrykk av at dei no berre kan sette i gang. Han snakkar ikkje sant. Han nemner ikkje klagebehandlinga i departementa og at det er teke ut stemning mot selskapet om rettane deira på Engebøfjellet. Næringsdepartementet har heller ikkje ferdighandsama saka om ekspropriasjon av naboeigedomen.


Hege Lothe, stortingskandidat for SV i Sogn og Fjordane 
Åsmund Berthelsen, kommunestyrerepresentant for SV i Sunnfjord kommune og fylkestingsrepresentant for SV i Vestland fylke