Abortnemdene høyrer historia til

Publisert av: olavvlam Publisert: 08. september 2021
Oppdatert: 28. januar 2022
Lesetid: ca. 3 min
Marthe Hammer om abortnemd.

Dagens abortlov har nesten vore uendra sidan ho vart vedteken i 1978. Les ein formuleringane i abortlova strengt og bokstavleg, har Noreg eit veldig strengt abortregelverk. Men gode forskrifter og liberal praksis har likevel sørga for at Noreg er eit trygt land å ta abort i, eit land med få og stabile aborttal, og med få komplikasjonar for kvinnene det gjeld. Men nettopp fordi det er så stor forskjell mellom formuleringane i abortlova og praksis er det på høg tid med ei ny abortlov. Landsmøtet til SV meiner det er tre prinsipp som må ligge til grunn for ny abortlov. Dagens yttergrense for abort ligg fast, abortnemndene skal vekk og kvinna må få god helsehjelp gjennom prosessen.

Vedtaket flytter ikkje yttergrensa for lovleg abort i Noreg. Den er sett til levedyktigheit som i dag er veke 22. Spørsmålet er kven som skal bestemme, derfor vil SV avslutte ordninga med abortnemnd. Det må vere kvinna sjølv som skal ta valet.  

Kvinner tar abort så tidleg som mogleg dersom dei veit dei er gravide og ynskjer abort. Etter at vi fekk medikamentell abort vert abort utført stadig tidlegare. 84% av alle abortar vert no utført før veke 9 mot 40% i 2007. Delen som tek abort seint er konstant på om lag 4,5-5%. Sidan 2008 ser ein også at delen som får innvilga abort etter paragrafar som handlar om kvinna sitt liv og helse går ned til liks med den generelle abortstatistikken. Det har aldri vore så få som tar abort som i dag. Det stemmer ikkje at ein treng å kontrollere tilgangen til abort for å halda aborttala nede. Det er ikkje nokon statistikk frå noko land som tyder på det.

SV sitt landsmøte gir kvinner tilliten til å avgjere abortane så lenge det er mogleg å gjennomføre abort. 500 kvinner søkte om abort i fjor, av dei var det kun 8 som til slutt ikkje fekk medhald i nemnda. Kvifor skal alle dei 500 kvinnene måtte møte i nemnd, i staden for å bestemme sjølv?

Det er ei myte at dersom kvinner får lov til å bestemme sjølv så vert det fleire abortar eller abort seinare i svangerskapet. Det var det dei sa før lova på 70-talet, men statistikken har vist oss at aborttala ikkje har gått opp. Då vi innførte medikamentell abort sa Krf at no vart det for enkelt å ta abort og at aborttala kom til å gå opp. Det skjedde ikkje. Det som skjedde var at kvinner tok abort tidlegare og det vart færre abortar.

Frå Sverige, Storbritannia og Nederland ser vi at det ikkje er fleire som tar abort seint enn det er i Noreg. Dei har hatt sjølvbestemt abort i mange fleire veker enn Norge. I dei landa tar også i overkant av 80% abort før veke 9 og 4-6% tar abort etter veke 12. Kvinner som tar abort har ikkje andre sperrer enn det andre har. Dei utset ikkje å ta abort med vilje. Det er også betydeleg oppgang i prevensjonsbruk og nedgang i aborttala det siste 10-året. Aborttala har aldri vore lågare. Det igjen fører til ein nedgang i fødselstala fordi veldig få vert uplanlagt gravide, og berre 1/3 uplanlagde svangerskap er uynskte og ender i abort.

Det som er endringa er at nemndene vert avvikla. Nesten alle kvinner som i dag får gjennomført seinabort er kvinner som har fostre med så alvorleg skader at fosteret ikkje er levedyktig (80-90%). Det er også ei veldig lita gruppe kvinner som får seinabort fordi det er fare for mors liv eller helse eller der grunnlaget er at mor har såpass komplekse og samansette problem som tilseier at dette er einaste løysinga.

Internasjonalt har fleire land gjort det SV no har vedtatt. Island fjerna nemndene over natta og innførte sjølvbestemt abort til veke 22, New Zealand gjekk frå at det var forbode med abort til å innføre sjølvbestemt abort til veke 20. Nederland har variantar av sjølvbestemming fram til veke 22, Belgia har framlegg på bordet til veke 20, og New York har abortgrensa til veke 24, ei forsikring mot kva Trump kunne finne på i høgsterett. I andre land som har denne ordninga har det ikkje ført til auke av seinabort.

Mange av kvinnene som har teke seinabort fortel at dei opplever det å møte i nemnd som ei tilleggsbelasting. Kvinna kan møte helsepersonell og rådgjevarar utan å måtte be om noko som dei må gje henne. Fleire nemndmedlemer har uttalt at det kan vere til hinder for den gode samtala at kvinna er så redd for å bli avvist. Det skal innførast ein lovfesta rett i helselovgjevinga som gjer at kvinner får rett til rådgjeving i samband med vurdering, gjennomføring og i etterkant av abort. Rådgjevinga skal gjevast frå ei teneste med medisinsk og psykologisk kompetanse. Tenesta skal ha særleg fokus på dei kvinne som gjennomgår seinabort, vere frivillig og tilgjengeleg over heile landet. For SV er det spørsmålet: Kven skal bestemme? Vårt svar er at det er kvinna som skal ha siste ordet.

Marthe Hammer