Sykkelvegen skal ikkje vere ein søppelplass

Publisert av: olavvlam Publisert: 09. november 2021
Oppdatert: 28. januar 2022
Lesetid: ca. 2 min
Akkurat no, når hausten set inn, lauvet fell, mørket sig på og byen flaumer over av vatn, er det behov for å minne om at også sykkelvegar treng å verte kosta, og at sykkelvegen ikkje er ein avfallsplass.

Eg syklar gjennom heile året. Eg syklar til jobb på dagtid og når eg har ærend i byen om kvelden eller i helgane. Sykkelen er mitt fremste framkomstmiddel.

Vi er mange som jobbar for at Bergen skal bli en god sykkelby, og mykje bra er på gang. Men akkurat no, når hausten set inn, lauvet fell, mørket sig på og byen flaumer over av vatn, er det behov for å minne om at også sykkelvegar treng å verte kosta, og at sykkelvegen ikkje er ein avfallsplass.

Bergen kommune sin nyleg vedtekne sykkelstrategi seier:

«Det skal være enkelt, sikkert og forutsigbart å sykle. God drift og godt vedlikehald er viktig for tryggleiken til syklistar. (…) Løv, laus grus og sand, dammar og hol i veidekket kan føre til fallulykker med både mindre og meir alvorleg skade. Kosting og dekkeoppgradering er dermed skadereduserande driftstiltak. (…) Glatt vegbane og snøfall kan gjere sykkelen til eit upålitelig fremkomstmiddel. Dersom reisemiddelfordelinga i byen skal endrast, må sykkel vere eit reelt alternativ også om vinteren. Et attraktivt sykkeltilbod krever (…) tydelege drifts- og vedlikeholdsrutinar. Særleg for arbeidsreisa, der dei andre transportalternativa er pressa på kapasitet, er det avgjerande at de reisande kan stole på tilbodet.»

Dessverre har vi litt igjen før syklistar kan stole på at sykkelvegen held den kvaliteten på drift og vedlikehald som kommunen har sett som mål.Eg vil bruke mi mest brukte sykkelreise som eksempel.

Nedanfor det gamle busstoppet Bergveien, langs vegen Øvre Kråkenes på Bønes har det lenge lege ein haug med asfaltklumpar midt i sykkelvegen. Det er sett opp refleksskilt for å hindre at syklistar i mørket syklar på asfalthaugen. Men kva hjelper det, når sykkelvegen er så smal, at syklar du unna, så hamnar du i grøfta? Når det i tillegg er mørkt og mykje regn, så blir det rene sykkelfellen, Her har syklistar falt og slått seg. Dei mange gjørmespora er bevis på det.

Dette ha vore eit eingongstilfelle. Men på akkurat same plass i vinter meinte nokon at nett her var ein veldig eigna plass for å måke all snøen frå bilvegen…!

20 meter lengre ned i bakken mot Straumeveien er forskjellen i haustvedlikehold mellom fylkesvegen, som er fin og blankskurt, og sykkelvegen, som er full i blad og avfall frå skogen, samt grus som er ført nedover med alt regnvatnet. Og slik har det vore over lang tid.

Eg er jo politikar, så eg har sendt inn spørsmål om det til fylkeskommunen, og eg har meldt det inn til Bergen kommune sin vedlikehaldsteneste. Men skal Bergen bli ein sykkelby må slike eksempel ryddast opp i, utan at ein politikar må sende inn spørsmål om det, eller skrive i avisa.