Regionreforma – Eit mislukka politisk prosjekt

Publisert av: froydis.olaussen Publisert: 14. desember 2021
Oppdatert: 28. januar 2022
Lesetid: ca. 3 min
Innlegg frå Åsmund Berthelsen, fylkestingsrepresentant SV
Innlegg etter fylkesordførar og fylkesdirektør si tale – 14. desmber

Fyrst vil eg taka opp det som må vere det mest mislukka politiske prosjektet i moderne tid. Det som vert kalla regionreforma. 

Viktige avgjerder vart ikkje flytta nærare folk. Fylkeskommunane/regionane fekk ikkje meir makt og mynde. Dei fekk nokre fleire forvaltningsoppgåver. Og det vart heller ikkje slutt på silotenkinga. No er det heilt slutt på å snakke om dette! 

No raknar også byggverket med fylkessamanslåingane. Oppløysing av Troms og Finmark har vore klart lenge. Og Viken vert også oppløyst. Innland har vedteke folkerøysting. Også i Trøndelag vert det teke til orde for å løyse opp. I Vestfold og Telemark seier eit stort fleirtal i meiningsmåling ja til å løyse opp. Særleg mange unge vil det! Fylkestinget skal ta stilling til folkerøysting. 

Om Vestland er det førebels stille i det offentlege rom. Men det vert spurt, og det vert snakka om, i fleire samanhengar. Også her er det mange som vil oppløyse, og særleg mange som vil ha ei rådgjevande folkerøysting. For folk i Hordaland og Sogn og Fjordane fekk ikkje sjansen til å seie si meining. Fylkestinga lytta ikkje til folkemeininga eller til dei som ville ha folkerøysting. 

Eg skal ikkje no seie så mykje om Vestland. Eg ser gode grunnar til ikkje å gjere noko, men ser også grunnar til å gjere noko. Men eg tykkjer det interessant det redaktøren i Trønder-Avisa seier om kva som skjer Trøndelag. Der er det lite politisk debatt, og viktige prosjekt frå nordfylket vert ikkje lenger fremja med tyngde opp mot sentrale styresmakter. 

For meg er ein ting sikkert. Vi lukkast ikkje om vi ikkje har folk med oss. Ei så stor endring i det politiske systemet, i folkestyret , må ha legitimitet hjå eit fleirtal av folket. I lengda nyttar det ikkje å kjempe mot eit folkefleirtal i denne samanhengen. 

Eg meiner dette må på saklista til Vestland fylkesting – og helst før det kjem som eit innbyggarinitiativ. Også vi må forhalde oss til det som skjer elles i landet. 

Og så til det grøne skiftet – eller dei grøne næringsprosjekta som no er presentert i rapportar og på møte kring i heile fylket under namnet grøn region. Her er mykje svært bra – og mykje spennande. Og i går kom gladmeldinga frå Hydro og Høyanger om å satse på omattbruk av aluminium. 

Men også nokre prosjekt som ikkje oppfyller krava til det som kan kallast grønt – som må vere svar på både klimautfordringane og naturutfordringane. 

Eg merka meg at mineralutvinning ved Førdefjorden var nemnt og markert på eit kart. 
Ja, det kan verte eit grønt mineralprosjekt ved Førdefjorden – i Engebøfjellet – men ikkje det som no har fått endeleg utsleppsløyve og der endeleg avgjerd om driftskonsesjon er venta om ikkje så lang tid. 

Det prosjektet er korkje grønt eller berekraftig i alle tydingar av omgrepa – korkje når det gjeld miljø, natur, økonomisk eller sosialt! Å sleppe tonnevis med giftig avgangsmassar på botn av Førdefjorden, kappe eit fjell og lage eit stort krater og dumpe store steinmengder ute. 

Eg har etterlyst engasjement også frå fylkeskommunen her – men lite og ingenting har har blitt gjort. Fylkeskommunen står berre og ser på at eit selskap vil øydelegge både fjorden og fjellet på jakt etter profitt. Særleg gale fordi vi veit det er alternativ – som vil drive ut mineral på ein meir berekraftig måte!

Åsmund Berthelsen, fylkestingsrepresentant SV