Interpellasjon om fylkessamanslåinga og folkerøysting

Publisert av: froydis.olaussen Publisert: 16. mars 2022
Oppdatert: 16. mars 2022
Lesetid: ca. 3 min

Til Fylkestinget 16. – 17. mars:
Til fylkesordførar Jon Askeland

Åsmund Berthelsen, fylkestingsrepresentant for Vestland SV

Tre av dei samanslegne fylka søkjer om å få bli delte opp att, Troms og Finnmark , Viken og Vestfold og Telemark. Med det vil tal fylke auka til 15. Når det vert så store omorganiseringar i fylkesinndelinga, meiner eg at også saka må verte drøfta i Vestland fylke.

Når vi er tilbake til 15 fylke er eitt av vilkåra fleirtalet i Sogn og Fjordane fylkesting sette for å seie ja til fylkessamanslåinga ikkje oppfylt. Fylkestinget sette som vilkår at det vart om lag 10 regionar. Eit anna vilkår var om Stortinget fann grunnlag for å overføre viktige samfunnsoppgåver frå statleg til regionalt nivå. Om ikkje desse vilkåra vart oppfylte ville Sogn og Fjordane fylkesting halde fram og vidareutvikle fylke som eige fylke/eigen region frå 2020.

Også fleirtalet i Hordaland fylkesting stilte liknande vilkår i sitt vedtak: «Om den nasjonale regionreforma får som utfall at tal fylke/regionar vert ført vidare på tilnærma dagens nivå, og Stortinget ikkje finn grunnlag for å overføre viktige samfunnsoppgåver frå statleg til regionalt folkevalt nivå, vil fylkestinget at Hordaland held fram og vert vidareutvikla som eige fylke/eigen region frå 2020.» Etter at det no vert 15 fylke og ingen store samfunnsoppgåver er overførte til dei nye fylka er dei to vilkåra som fylkestinga i Sogn og Fjordane og Hordaland sette, ikkje oppfylte.

Folk i Sogn og Fjordane og Hordaland fekk ikkje høve til å seie meininga si gjennom ei folkerøysting før fylkestinga gjorde vedtak.. Det vart reist krav om folkerøysting, men spørsmålet vart ikkje eingong teke opp som sak i fylkestinga. Meiningsmålingane i Sogn og Fjordane synte eit svært klårt nei-fleirtal då fylkestinget gjorde sitt vedtak. Også no er det eit fleirtal som seier nei til samanslåinga, og særleg er det mange unge som vil løyse opp att fylket.

Vedtaket om samanslåing vart ikkje gjort med grunnlag i eit folkeleg votum.

Fylka som no vert delte har hatt omfattande høyringsprosessar før vedtak om oppløysing.

Meiner ikkje fylkesordføraren at det er rimeleg at også Vestland fylkeskommunen har ein prosess der saka vert lagt ut til ei folkeavrøysting no når fleire fylke ver delte? Og vilkåra dei to fylkestinga sette, ikkje er oppfylte.

Viken vert omtala som eit stort fylke, men Vestland er 38 prosent større i areal. Og avstandane er store i Vestland, opp til 10-11 timar å køyre frå ytst på Stadt i nord til Sveio i sør. Frå Halden til Hallingskarvet i Viken tek det under fem timar. Storleiken og avstandane gjer at det er vanskeleg å halde oversikt. I Vestland fylke er det få felles møtepunkt der folk frå heile fylket kan møtest å lære meir om kvarandre og drøfte felles utfordringar. Diskusjonane mellom folk er i lokalaviser, som ikkje dekkjer heile fylket. Det gjer at det vert vanskeleg å få til ein felles diskurs når viktige prioriteringar innanfor skule og samferdsle vert drøfta. Fylket har til dømes eit stort tal vidaregåande skular og 5485 km fylkesveg, og det åleine er vanskeleg for dei folkevalde å ha inngåande detaljert kjennskap til.

Sogn og Fjordane har hatt suksess med å utvikla tettstadane i heile fylket – i både Nordfjord, Sunnfjord og Sogn. Ein har også utvikla fleire sterke institusjonar i Sogn og Fjordane, som igjen har hatt mykje å seie for samfunnsutviklinga. Eit sjølvstendig Sogn og Fjordane kan utvikle fylket vidare på eigne premissar og til gode for innbyggjarane. I dagens Vestland fylke er Bergen eit tyngdepunktet og det fører med seg ei sentralisering. Både med tanke på kor møta vert lagt og kva organisasjonsmåtar ein ynskjer å utvikle vidare. Sentraliseringsprosessar får størst verknad når dei får verke over tid, og det er også ein kamp om fordeling av knappe midlar til veg, skule og dei andre oppgåvene til fylkeskommunen.

I alt utviklingsarbeid er forankring mellom dei det gjeld avgjerande for suksess. Avgjerda om samanslåinga var ikkje forankra mellom folk. Når Storting og regjering gjer seg klar for ei omorganisering av fylkeskommune-Noreg, må også folk i Vestland fylke få høve til å drøfte korleis dei vil organisere seg. Meiner ikkje fylkesordføraren at omsynet til folkestyret gjer at det vert lagt opp til ei folkerøysting, og at resultatet må få avgjerande innverknad på den vidare prosessen?

Framlegg til vedtak:

Det vert førebudd ei sak med sikte på å spørje folk i dei to gamle fylka, Sogn og Fjordane og Hordland om kva dei meiner om å dele opp att Vestland fylke. Folkerøystinga vert lagt ut i heile Vestland fylke. Om det vert fleirtal i ein eller begge dei to stortingsvalkrinsane for å dele opp fylket, skal fylkestinget søkje Stortinget om å få dele opp Vestland fylke, i Sogn og Fjordane og Hordaland.

Åsmund Berthelsen
Fylkestingsmedlem for SV