Høyringssvar på framlegg frå EU til endringar i fornybardirektivet, energieffektiviseringsdirektivet og bygningsenergidirektivet (RepowerEU)

Publisert av: froydis.olaussen Publisert: 23. august 2022
Oppdatert: 23. august 2022
Lesetid: ca. 3 min

Vestland SV – fylkesstyret 20. august 2022

Bildebeskrivelse: Stillas på fasade av bygård.

Olje- og energidepartementet har sendt EU-kommisjonen sine framlegg til endringar i nemnde direktiv på høyring, fyrst med frist den 8.8.22 som vart endra til 22.8.22.

Vestland SV meiner at framlegga burde ha vore sendt på høyring til kommunane då forslaga gjeld saksgang og prosessar som kommunane har ansvaret for. Difor ber Vestland SV om at framlegga vert sendt på høyring til kommunane. Vi ber også om at framlegga vert omsett til norsk. Det burde vere sjølvsagt, men ikkje gjort i denne saka. Vestland SV meiner det er ein demokratisk rett å få slike høyringar på norsk.

Frist for høyringa må verte utsett til slutten av september 2022 slik at det vert tid til politisk handsaming i kommunane.

Føremålet med endringane er å få ned sakshandsamingstida, og få bort andre hindringar for prosjekt som gjeld fornybar energi, inklusiv utbygging av vindindustrianlegg. Det er framlegg om å redusere sakshandsamingstida i til seks månader for utbyggingar i særskilt utpeika område.

Vestland SV er samd i at det er viktig med effektive prosessar og avklaringar så fort som mogleg i saker som gjeld både energieffektivisering og utbygging av fornybar energi. Men dette må ikkje gå utover kvaliteten i prosessane og gå utanom konsekvensutgreiingar for viktige natur- og miljøverdiar. Vidare er det avgjerande at alle partar får høve til å uttale seg.

Ikkje nasjonal ramme på nytt

I framlegg til endringar i direktiva vert medlemslanda oppmoda om å peike ut eigna og lite konfliktfylte område til utbygging av fornybar energi («go to»-soner). Dette liknar den nasjonale ramma for vindindustriutbygging som vart lagt bort tidleg i 2020 etter høyringsrunde og kraftige protestar. Her vart det også peika på område i Vestland fylke som var eigna for utbygging. Både frå kommunar og organisasjonar vart det peika på at ein ikkje ynskte utbygging i desse områda og at det var mange konfliktar.

Erfaringane frå arbeidet med nasjonal ramme for vindkraftutbygging synte at forslag om vindkraftutbygging må vere lokalt forankra og at natur- og miljøverdiane må vere det avgjerande for eventuell utbygging.

Kravet om gode faglege og grundige konsekvensar må gjelde energiutbygging både på land og i havet! Konsekvensane for natur og miljø er viktig å få fram. Dette sa også fylkestinget noko om for to år sidan, i juni 2020:

«Det må stillast tydelege og streng krav til konsekvensutgreiingar med vindkraftutbyggingar der naturmangfaldslova og miljøforvaltninga blir sterkare vektlagt. Konsekvensane for naturleg karbonlagring må inngå i vurderinga, og det må utarbeidast eit klimarekneskap for utbyggingane.»

SV er mot å peike ut «go to» -soner nasjonalt. Skal det peikast ut slike soner, må det bygge på vedtekne og stadfesta kommunale planar.

Ikkje på kostnad av viktige verdiar

I tillegg sa fylkestinget noko om kor Vestland fylkeskommune ikkje ynskjer vindkraftutbygging: «Vestland fylkesting vil ikkje ha utbygging av vindkraft i urørd natur eller på bekostning av viktige verdiar knytt til natur, landskap, kulturminne/kulturmiljø og reiseliv, og som er i strid med kommunestyrevedtak. Vindkraft til havs skal utviklast i samråd med havbruk- og fiskeinteressene.»

Dei viktigaste tiltaka på kort sikt for å sikre tilgangen på fornybar energi og redusere bruken av fossil energi er energieffektivisering både i næringsbygg og i bustader. Difor er det mykje bra i forslag til endringar i energieffektiviseringsdirektivet. Betre utnytting og fornying av allereie utbygd vasskraft er andre tiltak. Og det er stort potensiale i solenergi. Vestland SV er positive til framlegga til endringane som gjeld solenergiproduksjon, men det er viktig å tilpasse krava til lokale forhold.