Vi må få politisk kontroll med krafta og straumprisane no

Publisert av: froydis.olaussen Publisert: 24. august 2022
Oppdatert: 24. august 2022
Lesetid: ca. 2 min

Resolusjon frå fylkestyret Vestland SV 20. august 2022

Bildebeskrivelse: Fylkestyret og ansatte i Vestland SV

Dei sterkt aukande straumprisane syner at det er på tide at vi tar tilbake den politiske kontrollen over krafta vår. Utviklinga er eit teikn på at marknadssystemet ikkje fungerer for å gje forbrukarar, offentlege verksemder og bedrifter prisar på eit akseptabelt nivå. Rett nok har regjeringa innført prissubsidiar for husstandar, men det er likevel mange som slit med å betale straumrekninga. Prissubsidiane tar ikkje tak i dei grunnleggande problema med marknadssystemet.

Elektrisitet innanfor basisbehovet må vere ei offentleg oppgåve å levere til rimeleg pris, på linje med vatn, vegar og anna infrastruktur. Straum til fritidsbustader og luksusforbruk bør prissetjast høgare. Vestland SV krev at ein snarast må innføre eit system med straumpris gradert etter forbruk, som gjev insentiv til straumsparande tiltak. Regjeringa må også auke tilskota til energieffektiviserande tiltak og meir fornybar energi gjennom Enova kraftig, og gå gjennom kva tiltak som kan gje rett til støtte. I dag er eigenbetalinga for slike ordningar så stor at folket ikkje har høve til å velje framtidsretta løysingar.

For å få meir styring på energipolitikken, meiner vi at Energilova må takast opp til ny behandling og endrast. Styresmaktene må regulere kraftutvekslinga med utlandet, og kraftselskapa må påleggjast andre målsetjingar enn dei har i dag. I staden for høgast mogleg profitt må samfunnsnyttige omsyn leggjast til grunn. Kraft til landbasert industri og eit minstebehov til forbrukarane må ha førsteprioritet.