Stopp ferjefri E39 og Hordfast

Publisert av: sigrid.sandal Publisert: 12. februar 2023
Oppdatert: 12. februar 2023
Lesetid: ca. 1 min

På fylkesårsmøtet vart fylkesvalprogrammet for Vestland SV vedteke.

Marthe Hammer, gruppeleiar og fyrstekandidat for SV ved fylkestingsvalet til hausten, seier at kampen om samferdslemidlane spissar seg til. Regjeringa inviterer denne våren fylka til å komme med innspel til prioriteringar i Nasjonal Transportplan. SV har no ved to høve redda ny rassikker veg og jernbane Arna- Voss i statsbudsjettet. Men elefanten i rommet er der framleis, Hordfast har sine planleggingsmidlar. No må vi få gjort noko med Hordfast. Derfor vedtok fylkesårsmøtet følgjande:

«Det viktigaste for SV dei neste fire åra er å stoppe ferjefri E39 med flytebru over Bjørnafjorden (Hordfast). Dette er eit motorvegprosjekt som i tillegg til å vere eit enormt naturinngrep som raserer unik og verneverdig regnskog, som legg opp til kraftig trafikkauke inn til Bergen, set alle andre samferdsleprosjekt i Vestland i fare. Skal ein få til satsing på ny rassikker veg og jernbane K5, bybane i Bergen, rassikring og vegvedlikhald for trygge bruksvegar i fylket må dette prosjektet avviklast snarast.»

For meir kommentarar Marthe Hammer, 97672203