Takk, Audun!

Publisert av: sigrid.sandal Publisert: 19. mars 2023
Oppdatert: 22. mars 2023
Lesetid: ca. 4 min
Tale til Audun Lysbakken under festmiddagen på SV sitt landsmøte 17.-19. mars 2023

Gode Audun, gode Siv, gode Husum og gode kameratar,

Når eg som leiar i Vestland SV har fått lov til å halde tale til ære for Audun er det fristande å byrje som dei gjer i kyrkja – med ei «syndsvedkjenning»:

«Audun, du kjenner og elskar oss alle. Du vil at vi skal ta vare på kvarandre og på jorda. Vi veit at vi svikar og gjer deg imot. Tilgjev oss og hjelp oss, for SVs skuld.»

Eg møtte Audun fyrste gong på Nei til EU-kontoret i Strandgaten i Bergen. Du var så ung og ivrig! Som ungdomsskuleelev var du blitt fyrt opp av kampen mot EU, og no ville du lære meir og bli aktiv!

Du skulle på din fyrste konferanse, og sidan det ikkje var så mykje pengar heime, så måtte du få reisedekning på førehand. Så for å vere heilt sikker på at det ordna seg, så la eg ut for den billetten.

Du vart valt som partileiar på eit ekstraordinært landsmøte i mars 2012. Nokre dagar før hadde du gått av som statsråd, kommunevalet hadde vore svært svakt og alle viste at det store slaget stod året etter: stortingsvalet i 2013.

Partiet var heilt nede på tøyra som det heiter når snøplogen skrapar grusen. VG rydda framsida då meiningsmålinga synte 1,9% og mismotet låg tungt over partiet.

Kommentatorar og ekspertar i presse-Noreg dømde Audun og SV nord og ned. I Oslo SV passa forståsegpåarar å få fram at det kunne godt hende at deira representant frå Oslo var den einaste i partiet kom til å stå att med etter stortingsvalet.

I Hordaland SV viste både dei tillitsvalde og Audun, at dei hadde teke på seg eit oppdrag dei ikkje kunne tape. Dei måtte få Audun inn som stortingsrepresentant og dei måtte få partiet over sperregrensa.

Dei arbeidde alt det dei greidde. Livande redde for å ikkje gjere nok, livande redde for å gjere feil.

Frøydis hadde flytta til Bergen for ei 40% stilling, for partiprosjektet til Audun ville ho bidra til. Gina, 2. kandidaten, har fortalt at ho var hemmeleg gravid, og ho hadde oppdrag etter oppdrag gjennom dagen og kasta opp kvar kveld. Audun sjølv reise til og frå Bergen og Hordaland nær anna kvar dag. Siste vekene vart han berre skinn og bein. BT trykte eit bilete der lesarane og veljarane sjølv såg ein mager partileiar med eit mørkt, tyngande alvor over seg. Bodskapen var ikkje å ta feil av, om ikkje folk stemte SV no, så kom det ikkje til å gå.

Så etter uendelege tal med arbeidstimar, var valkvelden der. Audun sat på kontoret i Oslo.

Steinar, dåverande leiar i Hordaland SV, var i Bergen og snakka med Audun kvart 10. minutt med nye oppdateringar: Det gjekk nedover og nedover og nedover, så byrja det å flate ut.

SV landa berre 1800 stemmer over sperregrensa.

Ved valet i 2013 kåra Poll of polls Hordaland SV sitt valresultat som valet beste av alle fylkeslag i alle parti. Fordi at det var veljarane i Auduns heimfylke som sikra han distriktmandatet, og ikkje minst spelte ei hovudrolle for å sikre SV, og at Stortinget framleis hadde ei kraft til venstre for Arbeiderpartiet.

At du greidde, saman med fylkeslaget ditt, Audun å halde SV over sperregrensa i 2013 var ein prestasjon, og vil bli ståande i partihistoria som ein av dei største.

Audun er vår mann.

Han lyttar til dei lokale tillitsvalde, han sjekkar med oss kor vi står og han syner omsorg for oss. Han har reist mykje lokalt.

Då vi skulle opne stortingsvalkampen i Bergen i 2017 vart det bestemt at den skulle opne med ein gatefest på Auduns gamle barneskule på Møhlenpris i Bergen. Det var dristig – vi var såååå spente – ville folk i heile teke møte opp? Men folk gjekk mann av huse, heile 500 møtte fram for å feire og støtte Audun.

Og Audun skjønner lokale saker.

I stortingsvalkampen i fjor ville eg han med til Førde for å dele Vestland fylke-kake (slik eg hadde sett Freddy gjere i Østfold)

Medan rådgjevaren sukka litt oppgitt – og sjølv om det langt ifrå er den viktigaste saka for Audun, så delte du opp kaka til brei pressedekning i Sogn og Fjordane!

De veit at Audun er ein varm Brann-tilhengar. Han er med i diaspora-klubben til Brann. Diaspora er ei folkegruppe som bur i utledninghet – og gode kameratar, vi har aldri vore i tvil, i politikken har Audun vore vår diaspora i Oslo.

For like viktig som å ta tak i dei lokale sakene, gjer du dei lokale sakene til nasjonale saker. Det har gjort oss vestlendingar brattare i ryggen.

I tida di som stortingsrepresentant og partileiar har du gjort SV til eit parti for vestlendingar, eit parti vestlendingar stemmer på.  

Men Audun er sjølvsagt ikkje berre vår mann.

Partiprosjektet til Audun har vore  å vere heile partiet sin mann. Han har lytta til folk og folkevalde og teke med seg innvendingar og bekymringar. Det er med å forklare kvifor konfliktnivået i partiet har vore lågt i din periode. Når partitillitsvalde og folkevalde kjenner dei vert lytta til, blir dei trygge og du blir stolt på og stoler på deg.

Audun har stått i spissen for partikultur som er utruleg fin å vere i og som gjev arbeidslyst.

I tillegg til å vere ein partistrateg og med god politisk teft, er Audun ein partibyggjar. Du kan den politiske makta i regjeringa og på Stortinget, men du ser også at den politiske makta byrjar med verving, systematisk jobbing med lokallag og listestillingsarbeid.

Tenk at du er så godt gift, Audun!

Vestland SV har sendt blomstra heim til Siv etter valkampane, og takka ho for lånet av Audun. Vi veit at ein blome er ikkje nok. Så dette kjem frå ein nordfjording med hjarte i handa: Vi kan berre førestille oss kor mykje ekstra det har blitt på Siv. Kor stor del av livet vi har påverka.

Så takk for lån av mann! Aurora, Storm, Leon og Li: takk for lån av faren dåkka og Geirdis: takk for lån av sonen!

Alle i landsmøtet frå Vestland vart med opp for å takke Audun Lysbakken