Fire nye år i Vestland!

Publisert av: Aslak Owren Publisert: 13. september 2023
Oppdatert: 30. september 2023
Lesetid: ca. 1 min

Vi gjer Vestland raudare og grønare – og held høgresida unna makta!

Marthe Hammer, gruppeleiar for Vestland SV.

Seks parti einige om samarbeid i Vestland fylkesting. Toppkandidatar frå Arbeidarpartiet, Venstre, SV, Kristeleg folkeparti, Miljøpatiet dei grøne og Senterpartiet.

Frå venstre: Stian Opedal Davies (Ap), Åsta Årøen (V), Marthe Hammer (SV), Trude Brosvik (KrF), Nils-Anders Nøttseter (MDG) og Jon Askeland (Sp).

Vi er einige om å fortsette samarbeidet. SV har vore del av den styrande koalisjonen i Vestland dei siste fire åra, beståande av SV, Ap, Sp, V, KrF og MDG. Denne koalisjonen har på nytt fått fleirtal etter fylkestingsvalet, og vi har derfor sete i forhandlingar sidan valnatta, og no er vi komen til einigheit.

Det å sikre eit fleirtal for bybanen vidare til Åsane har vore avgjerande for SV. Vi er også glad for at fleirtalet er einig om å stoppe veksten i kommersielle skular og vidareføre dei endringane som er gjort i inntaksmodell for vidaregåande skulen. SV er i gang med tannhelsereforma og for oss har det vore viktig å ha handa på rattet i gjennomføringa av den offentlege tannhelsetenesta.

Takk til dei over 23 000 veljarane i Vestland som stemte på oss. Vi trur at denne einigheita er ein god start for å gje de politisk utteljing. Vår nye fylkestingsgruppe på fem vil bruke dei neste fire åra på å få til enno meir.

Vil du vere med på å utvikle SV sin politikk? Bli medlem då vel!

Les plattformen her:

Politisk plattform Vestland 2023–2027Last ned
Tegning av bybane til Åsane, i trasé foran Bryggen i Bergen
SV-logo med slagordet "for dei mange - ikkje for dei få"