SV oppfyller draumar, sjølv om Høgre helst vil knusa dei

Publisert av: sigrid.sandal Publisert: 20. november 2023
Oppdatert: 29. februar 2024
Lesetid: ca. 3 min
Alexander Papas, fylkestingsrepresentant for SV sitt svarinnlegg til Høgre om skulepolitikk i Vestland
Alexander Papas, 4. kandidat i Vestland SV

Debattinnlegget vart publisert i Fjordabladet 19. november.

I Fjordabladet 9. november 2023 skriv Tora Hodneland Kildehaug frå Vestland Høgre, at elevane i den vidaregåande skulen tapte fylkestingsvalet i Vestland. Ho hevdar at dagens inntaksmodell er feilslått, og tek ifrå elevane valfridom deira. Vidare oppsummerer ho med at Vestland kan og bør gjera betre enn å knusa draumane til elevane våre.

Det som er heilt klinkande klart, er at Vestland Høgre, ikkje fekk så mykje makt etter fylkestingsvalet i Vestland. SV gjorde framgang, og saman med Ap, Sp, MDG, Venstre og KrF fekk me fleirtal til å fortsetja å styra fylket dei neste fire åra.

Det er ein storslått siger for elevane i Vestland! Det er ein realitet, sjølv om Kildehaug og Høgre ikkje likar det.

I innlegget sitt brukar Kildehaug feil tal. I 2020 fekk 84,3 % tilbod om førstevalet sitt, i 2021 fekk 85,9 %, i 2022 fekk 84,9 %, medan i år så fekk 83,6 % tilbod om førstevalet sitt. Det er altså mindre i år enn i 2020, men i 2021 og 2022 var det det klart fleire enn i 2020.

Hovudårsaka til at ikkje endå fleire får førstevalet sitt, handlar ikkje om inntaksmodellen, men det faktum at det er nokre få skular i Bergen som er svært populære, og som det heilt openbert ikkje er plass til alle førstevalssøkjarar på. Gjennom heile valkampen fortalde Høgre ei forteljing om vår inntaksmodell basert på feilaktige tal. Det er det vårt ansvar som folkevalde å unngå!

Me sørgjer faktisk for at fleire, ikkje færre, elevar får oppfylt draumane sine. Dette er fordi inntaksmodellen vår ikkje berre sorterer etter karakterar, men også kor elevane bur.

Det gjer at ikkje berre elevane med dei beste karakterane får oppfylt draumane sine, men også dei elevane som kanskje ikkje har så gode karakterar. Tala frå dei siste åra viser dessutan at prosenten som får oppfylt førstevalet sitt, er langt høgare i Sogn og Fjordane enn når ein ser heile fylket under eitt.

I år fekk rundt 90 % av elevane i Sogn og Fjordane oppfylt draumen sin. Dei aller fleste av elevane våre, har ein draum om å gå på ein vidaregåande skule som ligg i nærleiken av der dei bur. Det er det vårt ansvar som folkevalde å sikra!

Så har me gjort fleire naudsynte tilpassingar i inntaksmodellen, slik at fleire elevar får draumane sine oppfylte. Ikkje fordi at modellen vår er feilslått, men fordi me etter innføringa av modellen vår har avdekt ulike behov som me sjølvsagt har måtta tilpassa modellen til. Eit døme på dette såg me våren 2021. Då avdekte modellen vår at nærare 300 elevar i Bergensområdet ikkje fekk tilbod om skuleplass i nærområdet sitt i det heile.

Fylket hadde fram til dess tilbydd skuleplass så langt unna, at elevane heller takka nei og droppa ut av den vidaregåande skulen. Dei fleste av desse elevane var gutar, og mange av dei hadde minoritetsbakgrunn. Høgre sin modell gjorde til dømes at Hassan frå Fyllingsdalen fekk tilbod om skuleplass på Stord. Ein slik modell hadde framleis sendt elevane langt vekk frå heimane sine mot viljane deira. Det er det vårt ansvar som folkevalde å hindra!

SV vil alltid arbeida for ein offentleg og desentralisert vidaregåande skule for alle elevane i fylket vårt. Om Høgre verkeleg meiner at elevane fortener det beste, burde dei for lengst ha skrota det «frie skulevalet» sitt.

Det er ein modell som gjev valfridom til elevane med dei beste karakterane, medan alle andre må nøya seg på restplassane. Det er verkeleg draumeknusing, svært usosialt, og ikkje særleg kledeleg for eit parti med slagordet «Moglegheiter for alle».