Nominasjonsnemnda for SV i Hordaland har no sendt ut eit endeleg utkast til stortingsliste for SV i Hordaland valkrins. Dette framlegget kjem etter at nemnda har hatt sitt fyrste framlegg til valliste på høyring hos lokallaga sidan 30. august.
Stortingslista skal handsamast på nominasjonsmøtet laurdag 2. november i Bergen. Der stiller delegatar frå alle lokallaga i SV i Hordaland valkrins, og ein delegasjon frå Vestland SU. Endringsforslag til listen må sendes inn 5 dager før møtet. Desse sendast av lokallaga. Viss du vil vere med å påverke, må du ta kontakt med ditt lokallag: https://vestland.sv.no/vare-lokallag/
Innstillinga er delt i spørsmålet om kven som skal vere fyrstekandidat. Eit fleirtal på tre i nemnda går inn for at Sara Bell (48) skal vere på topp, medan mindretalet på to går inn for at Marthe Hammer (45) skal vere på topp. Nemnda foreslår Alexander Papas (23) på andreplass, og Silje Nordtveit Olsen (41) på tredjeplass. Sjå vedlagt for heile lista, forklaring av dissensar, og ei kort omtale av kandidatane.
Nominasjonsnemnda har bestått av Frøydis Olaussen (leiar), Hege Lægreid Røssland, Kjartan Haugsnes, Steinar Nørstebø og Hlin-Såga Kyrkjeøy (SU).