Fjordens miljøpris

Publisert av: olavvlam Publisert: 16. desember 2016
Oppdatert: 28. januar 2022
Lesetid: ca. 3 min
Det er viktig at ansvarlege politikarar er ambisiøse, også når det faktisk skal verte avgjort og ikkje berre i festtalane, skriv Marthe Hammer.

Klikk her for å lese saken på bt.no

Skyss har nyleg tildelt kontrakt for sju ferjesamband i Hordaland til Fjord1. Fjord1 har plikta seg til å redusere energibruken med heile 60 prosent og CO2 utsleppa med heile 87 prosent i høve til utsleppa i dag. Med miljøkrav på ferjeanboda reduserer fylkeskommunen CO2-utsleppa med mellom 35 000 og 55 000 tonn CO2-ekvivalentar frå 2020. Det er betydeleg. For desse anbodskrava vart Hordaland fylkeskommune og Skyss tildelt Zerokonferansen sin miljøpris for nokre veker sidan. Det er ein fortent pris.

Klimagassutsleppa frå Hordaland har stege frå kring 4 mill. tonn CO2-ekvivalentar i 1991 til nesten 5 mill. i 2015. Det utgjer i underkant av 10 tonn per innbyggjar. I lågutsleppssamfunnet kan utsleppa ikkje overstige 2 tonn per innbyggjar.

I 2015 sto fylkesvegferjene for eit større CO2-utslepp enn all bussdrifta i Hordaland til saman. Ferjedrifta sto for 42 prosent av dei totale CO2-utsleppa frå kollektivtransporten i Hordaland. Klimafotavtrykket til fylkeskommunen sjølve er 0,4 mill. tonn CO2-ekvivalentar, knytt hovudsakleg til byggeverksemd og transporttenester.

Alle partia på Stortinget, fylket og lokalt er ofte einige om ambisiøse målsettingar om utsleppsreduksjonar og klimamål.  Og det same gjeld denne saken. Dette er ein miljøpris som har vore drevet fram politisk, tverrpolitisk. Over fleire år har ein gjennom tverrpolitiske vedtak klart å få nedfelt ambisjonar som la grunnlaget for det resultatet som ein ser denne hausten. I det avgjerande anbodsvedtaket i januar 2016, så var det politikarane som auka miljøkrava. Hadde administrasjonen sitt framlegg fått fullt gjennomslag ville ikkje Zeroprisen gått til Hordaland fylkeskommune i 2016. I administrasjonen sitt framlegg var utsleppsreduksjonen kun på 35 prosent, og ikkje over 50 prosent, som vart kravet etter den politiske handsaminga.

Men det er slik at det å stille miljøkrav har ein pris, ikkje berre ein miljøpris, men og ein kostnad. Om lag 100 mill årleg i auka driftsutgifter. Det er betydeleg for ein fylkeskommune som allereie har tatt store investeringskostnadar med bygging av bybanen. Og 100 millionar er berre for rutepakke 1, no står både rutepakke 2, 3 og 4 for tur.

Og nettopp denne kostnaden er det som ofte gjer at ambisiøse og uforpliktande klimamål vert nettopp det, urealistiske og ikkje realiserte. For det er enkelt å ha tverrpolitisk semje om ambisiøse mål om utslippsreduksjon, men ofte veldig vanskeleg når det konkret skal vedtakast og forpliktingane kjem.  Siste vekers såpeopera om statsbudsjettet er illustrativt nok. Det er derfor alltid dei som sit i maktposisjonen som må ta konsekvensane for denne ekstrakostnaden. Fleirtalskonstellasjonen i fylket beståande av Ap, Sp, Krf og SV var villig til å ta denne risikoen og det er eg veldig nøgd med. For det er ofte fint å sitte i opposisjon og vere ambisiøs, men verre å vere den som må prioritere det i budsjettet.

Høgre og Frp i fylket var tydeleg på at dei ønskja å vere med på det mest ambisiøse klimavedtaket når det kom til ferjeanboda, men eg er jammen ikkje sikker på om det same hadde skjedd om dei sjølv satt ved makta. Dette fordi at dei same partia sine regjeringsmedlemmar fremmer eit statsbudsjett der det ikkje er avsett ei ekstra krone til nye miljøkrav i ferjeanboda, og ingen konkrete økonomiske forsikringar frå regjeringa som kunne letta risikoen for fylkeskommunen. For kva ville Høgre og Frp gjort om dei sjølv måtte ta ansvaret for rekninga som kom utan ekstratilskot frå staten?

Det å sette tøffe miljøkrav i anboda er noko av det beste miljøtiltaket som Hordaland sjølv kan gjere. Det er i anbodsprosessane at fylkeskommunen har handlingsrom til å stille nye og meir ambisiøse krav til materiell og utslepp. Løysinga på å få kollektivtransporten over på meir miljøvennleg teknologi vil ikkje ligge i å satse på ei enkelt løysing, men ein kombinasjon av fleire teknologiar. Marknaden er i rask utvikling og operatør har best kjennskap til teknologiane.

Med Zeroprisen har Hordaland fylkeskommune, som landets nest største ferjefylke, gått foran, og vist veg for eit nytt teknologiskift innan ferjetransporten. Dette er framtida. Da er det viktig at ansvarlege politikarar er ambisiøse, også når det faktisk skal verte avgjort og ikkje berre i festtalane.

Marthe Hammer