Noreg har forplikta seg til å bidra til å nå Parisavtalens mål om å avgrense temperaturstigninga til 1,5 gradars oppvarming. Nøkkelen til store kutt i klimagassutsleppa og grøn omstilling, er å redusere energiforbruket og erstatte fossil energi med fornybar energi i alle delar av samfunnet, og samtidig ta vare på og auke evna naturen har til å binde karbon og sikre det biologiske mangfoldet.
Krafttilgangen har vore og er Noreg sitt fortrinn, og er ein føresetnad for å lukkast med grøn omstilling. Samtidig er vi i ein situasjon med rekordhøge straumprisar. Det er eit resultat av eit fritt marknadssystem der prisen er eit resultat av kva marknaden er villig til å betale. Dei som har evne til å betale mest avgjer prisen. Dette problemet er blitt kraftig forsterka av tilknytinga til den europeiske energimarknaden, som skjer både med fysisk infrastruktur – særleg dei to siste utanlandskablane – og ved å avgi suverenitet over energipolitikken til EU og EUs energibyrå ACER. Marknadsstyringa gjer at straumprisen vert uføreseieleg, og stadig oftare skyhøg. SV vil at samfunnet skal ta kontroll med straumen og sjå på straum som ein kritisk infrastruktur, og sikre varige, rimelege og føreseielege prisar for folk og næringsliv. Årsmøtet i Vestland SV krev at regjeringa straks følgjer opp SV sine forslag om å etablere eit nytt kraftregime her i landet, slik landsstyret til SV vedtok i januar 2022
Samla sett er det eit stort overskot på kraft i Vestland. Omlag ein fjerdedel av all fornybar kraftproduksjon i Noreg ligg i her. Problemet er at nesten halvparten av denne går i dag til plattformane eller vert eksportert ut av fylket.
Kraftnettet i Bergen manglar kapasitet og det utfordrar det grøne skiftet. Når NVE har gjeve avslag til alle nye tilkoplingar som krev kraft til elektrifisering og til industrietableringar, fordi det er for lite kapasitet, så blir ny grøn næring satt på vent eller skrinlagde. Statnett har identifisert stor underkapasitet i BKK-området. Planane om elektrifisering av olje – og gassfelt og nedlegging av gasskraftverket på Mongstad er hovudgrunnen til kapasitetsutfordringane.
Desse utfordringane må bli møtt av grøne og radikale løysingar til det beste for Vestland. Dette betyr og at ein må seie nei til ein del kraftkrevjande næring som ikkje bidreg til det grøne skiftet, til dømes datasenter som skal nyttast til kryptovaluta.
Det hastar med å stramme opp føringane for elektrifisering av sokkelen. For SV er det uaktuelt å elektrifisere sokkelen med kraft frå land. Elektrifiseringa av sokkelen kan berre forsvarast gjennom ein kombinasjon av kraftig auke i CO2-avgifter på sokkelen, kombinert med eit pålegg om at oljenæringa må skaffe straumen sjølv gjennom oppbygging av offshore havvind. Norge har stort potensial for havvind. Like mye energi som fra norsk vannkraft kan genereres med havvind, men uten å bruke mye marint areal. Dette må vi på en bærekraftig måte gå i gang med! Av forsyningstryggleik vil ein måtte ha kabel med straum frå land til plattformane, men dette må vere eit nullsumspel. Like mykje kraft må komme tilbake til land. Når oljealderen er ferdig, så kan havvindparkane bidra med ekstra kraft tilbake til land og bidra til å bygge ut ny grøn industri langs kysten, og slik forsvare dei store investeringane også etter oljealderen. Men også derfor må ideane om hybridkablar frå plattformane og vidare til utlandet avvisast.
Fleire av dei store vasskraftkommunane i Vestland slit med folketalsutviklinga, samstundes som dei har kraftkrevjande industri som står for den reinaste metallproduksjonen i verda. For denne industrien handlar fullføring av det grøne skiftet om å redusere utslepp gjennom karbonfangst og utnytting av restprodukt, dessutan om auka bruk av resirkulert metall. Her er det etablerte kompetansemiljø på prosessindustri og potensiale for utvikling av ny miljøvenleg industri. Eit nytt kraftregime med auka overføringskapasitet må ha mekanismar for å sikre at vasskraftkommunane ikkje blir reduserte til reine råvareleverandørar, men får høve til å bruke naturressursane til å skape grøn vekst.
Ein offensiv klimapolitikk må verte basert på energisparing og -effektivisering. Vi må få ei kraftig opptrappinga på ENØK, og stimulere til at vanlege forbrukarar, jordbruk, offentlege bygg og næringsliv sparer straum og nytter straumen fornuftig. I tillegg til full satsing på andre fornybare kjelder som solenergi på vestlandske tak, eller bioenergi. Hvert år betaler norske husstander inn store summer til Enova, men får stadig mindre igjen, derfor er det avgjerande viktig at målet om energieffektivisering forsterkes i avtalen mellom Klima- og miljødepartementet og Enova.
Nettkapasiteten i Bergensområdet må betrast. Føresetnaden for SV er at det skjer på ein god måte – og at ein finn løysingar som kan forsvarast når det kjem til naturinngrep. SV vil peike på at Fylkesutvalet allereie i februar 2021 etterspurde utgreiing av sjøkabel frå Samnanger og Modalen til Kollsnes.
SV er for modernisering og oppgradering av vasskraftverk som ikkje har vorte oppgradert til no. Og i Noreg er det framleis mange vasskraftverk som kan oppgraderast. I BKK-området, derimot, så er det meste oppgradert og ytterlegare satsing på vasskraft her, betyr press på ny utbygging. Dette er SV kritisk til. For SV er det også uaktuelt å opne for å byggje ut verna vassdrag eller viktige naturområde, slik som andre parti tek til orde for.
Ein politikk som baserer seg på ein langsiktig, overkommeleg straumpris må verte kombinert med ei sterkare begrensning på uttak av vatn frå vassmagasina, slik at vi kan møte periodar med tørke og lite nedbør. Det igjen vil føre til en begrensning av eksport av straum gjennom kabler til andre europeiske land. Og SV har allereie sagt nei til fleire utanlandskablar.
Det er behov for I tillegg er det behov for grunnleggjande endringar i den norske kraftpolitikken. SV på må forhandle med regjeringa om, eit statleg straumselskap, to-pris-system på straum, fjerne spekulasjon på kraftpris, og greie ut utgreie sikringsfond for straumkundane. Energilova må og bli endra slik at ein sikrar nok og rimeleg straum til det naudsynte forbruket til hushaldningane og industrien, og til å skifte ut fossil energi med fornybar energi.
All satsing rundt elektrifisering; hav-vind, solkraft, oppgradering av vannkraft og energiøkonomisering må følges opp av brede og kvalitetsmessige, men også effektive miljøvurderinger av tiltakenes effekt på omgivelsene. Dette vil for eksempel gjelde livet i havet, i luften og på land, men også andre næringer. I tillegg vil tiltakene estetiske karakter måtte tillegges vekt. SV ønsker at det etableres en ny faglig instans for å ivareta disse viktige aspektene av en grønn omstilling av energi produksjonen.
Vedtatt fylkesårsmøtet Vestland SV 12. februar 2022