Nytt Sogeskrift for Sogn og Fjordane SV!

Publisert av: vagan Publisert: 13. mai 2019
Oppdatert: 13. mai 2019
Lesetid: ca. 1 min
Sogeheftet vert lansert til valkampen til hausten og vi ber inn alle som ynskjer det å få namnet sitt i helsingslista.


«Det vi gjer med tida vår 
og det tida gjer med oss 
er det som skapar historie 
Takk, Sogn og Fjordane! Takk, Sogn og Fjordane SV!» 

Dette var dei siste orda som vart sagt i februar før fylkesårsmøtet i Sogn og Fjordane SV vedtok å leggje ned Sogn og Fjordane SV, og vere med å skipe eit nytt Vestland SV. 

Vi er godt i gang med å bli og vere eitt fylkeslag, men vi skal likevel ta oss tid til å dokumentere og lære av fortida vår. Difor har det siste styret i Sogn og Fjordane SV teke initiativ til å lage eit sogeskrift. Det er skrive av Gaute Losnegård. Fylkeslaget av Sosialistisk Folkeparti i Sogn og Fjordane vart etablert i 1965. I 1975 skifta laget namn til Sogn og Fjordane SV. 

Her får du lese om den spede starten, om store valsigrar, om fogderistrid, sjukehusstrid, miljøstrid og kamp for å halde Noreg utanfor EU. Men også samhald, sommarleiarar og tillitsvalde som både hadde det kjekt saman og diskuterte høglytt til andre tider. 

Sogeheftet vert lansert til valkampen til hausten og vi ber inn alle som ynskjer det å få namnet sitt i helsingslista. Då får du også eitt hefte enten i handa eller i posten. For dette betalar du 200 kroner. 

Meld deg på til helsingslista før 20. mai. Betal 200kr til konto 7874 06 67601, merk betalinga med ditt namn, eller Vipps 122679