Fylkestingsvalet 2027
I 2027 er det fylkestingsval, og Vestland SV skal laga nytt valprogram og stilla liste. Kva meiner du Vestland SV skal gå til val på, og kven skal representera oss i fylkestinget?
Vestland SV skal stilla i fylkestingsvalet i 2027 med eit ambisiøst, relevant og konkret valprogram og ei liste med dei beste kandidatane.
Alle medlemmer og organ i partiet kan spela inn forslag kandidatar og politikk, alle framlegg kjem nominasjonsnemnda og programnemnda i hende. Til fylkestingslista kan ein spela inn så mange kandidatar ein ønskjer. Du kan også føreslå kandidatar frå andre kommunar enn din eigen, og det er ikkje eit krav at kandidaten allereie er medlem av partiet. Programnemnda ynskjer også innspel frå medlemmer og lokallag om små og store saker.
Me ynskjer også forslag til kandidatar og politikk frå andre organisasjonar, verksemder og enkeltpersonar, uavhengig av partimedlemskap.
Nominasjon til Fylkestinget
Valprogram 2027-2031