Programarbeid
Vestland SV skal stille i fylkestingsvalet i 2027 med eit ambisiøst, relevant og konkret valprogram. Programmet skal vere tydeleg i valkampen, og fungere som eit praktisk arbeidsverktøy for fylkestingsgruppa i valperioden 2027–2031.
Prosessen
På Vestland SV sitt fylkesårsmøte 7. og 8. februar 2026 vart det vald ei programnemnd, eit mandat for nemnda, og ein prosess for programarbeidet. Programnemnda skal lage framlegg til program, med utgangspunkt i innspel frå partiorganisasjonen, offentlege innspel og frå andre.
Frist for å levere innspel i den opne innspelsrunda gjekk ut sundag 31. mai, klokka 23:59.
Fyrste utkast til valprogram
Programnemnda har skrive sitt fyrste utkast, dette var ute på høyring fram til sundag 13. september. Rakk du ikkje fristen? Send evt. innspel på e-post til programnemnd.vestland@sv.no.
Me gjer merksam på at dette er fyrste utkast og me tek atthald om skrivefeil, bruk ikkje tid og krefter på å gje inspel på rettingar i tegnsetting og grammatikk, men legg desse inn i politisk innhald. Framlegg til strukturendringar er sjølvsagt velkomne. Mellom at vedtaka på årsmøtet er gjort og publisering av program med alle endringar innkorporert, vil det bli gjort grundig korrekturlesing.
Andre utkast til valprogram
Programnemnda jobber deretter vidare med eit andreutkast til program, som publiserast sundag 11. oktober 2026. Denne skal deretter vere på høyring, med frist for å levere innspel sundag 15. november.
Endeleg framlegg til valprogram
Programnemnda skal på bakgrunn av dei innkomne innspela lage eit endeleg framlegg til valprogram. Dette publiserast seinast måndag 11. januar 2027. Deretter sendast endringsframlegg til fylkesstyret etter frister dei set, før endeleg handsaming på fylkesårsmøtet 2027.
Programnemnda
Åsmund Berthelsen, Sunnfjord (leiar)
Asle Olsen, Bjørnafjorden
Alexander Papas, Bergen
Tina Åsgård, Bergen
Silje Dyrstad, Bremanger
Hilde Hildal Hauglid, Stord
Ragnhild Freng Dale, Bergen
Emil Velken Soldal, Voss
Andreas Asbjørn Liheim (SU)
Kontaktinformasjon
Leiar: Åsmund Berthelsen, e-post: asmund.berthelsen@icloud.com, tlf.: 93237073
Sekretær frå fylkeskontoret: Aslak Owren, aslak.owren@sv.no