Nominasjonsmøte 2026
Nominasjonsmøte haldast på Vestlandshuset i Bergen, laurdag 7. november klokka 10:30-17:00. Inngang frå Vestre Strømkaien 13 (inngang D).
Nominasjonsnemnda leverte sitt endelege listeframlegg 8. oktober. Det er dette som skal handsamast på nominasjonsmøtet.
Frist for å sende endringsframlegg til fylkestingslista er måndag 2. november klokka 23:59. Det er berre lokallag, fylkesstyret og Vestland SU som kan melde endringsframlegg. Endringsframlegg sendast til vestland@sv.no.
Sjå det endelege listeframlegget her:
Sakspapir
Sakspapir lastast opp her 21. oktober.
Om nominasjonsmøtet
Delegatane til nominasjonsmøtet fastsetjast etter § 5.4 og § 3.2 i fylkeslaget sine vedtekter. Lokallaga, fylkesstyret og Vestland SU har rett til å stille med delegatar til nominasjonsmøtet. Delegatar meldast på gjennom eit skjema som sendast til desse organisasjonsledda.
Lokallag har høve til å sende observatørar til nominasjonsmøtet, slik at dei får dekka overnatting, reise og mat. Ta kontakt med ditt lokallag viss du er interessert i dette.
Alle er elles velkomen til å sjå nominasjonsmøtet, og kan sitte på publikumsplassar bak i salen. Vi ordnar kun mat for dei som er delegatar, observatørar, eller som har praktiske rollar.
Program
10:30 – Registrering – Oppmøte, registrering, tekniske førebuingar. Kaffi og noko å bite i.
11:30 – Opning – Velkomen til nominasjonsmøtet, ved fylkesleiar Jarle Brattespe.
11:35 – Sak 1: Konstituering – Innkalling, saksliste, forretningsorden og val av roller
12:00 – Formøte – Kvinneformøte, manneformøte og alternativt formøte
12:30 – Sak 2: Nominasjon – Presentasjon av framlegget til valliste
12:45 – Sak 2: Nominasjon – Presentasjon av kandidatar til topp fem
13:15 – Lunsjpause
14:00 – Sak 2: Nominasjon – Ope ordskifte
15:30 – Sak 2: Nominasjon – Votering
16:00 – Valkampen 2027 – Valkampstrategi, progamarbeid, nominasjon og praktisk valkamp
17:00 – Avslutning
Valkampfestivalen 8. november
Vestland SV arrangerer valkampfestival dagen etter nominasjonsmøtet.
Arrangementet er gratis, ope for alle – og du får mat!
Partileiar Kirsti Bergstø kjem!
Det blir også innleiingar ved Linn Herning i For Velferdsstaten og Ingrid Opedal i SV sitt nasjonale miljøpolitiske utval, eit breitt utval av workshops, og den største dørbankaksjonen i SV si historie!