Valkampfestival

Vestland SV inviterer til valkampfestival i Bergen, søndag 8. november.

Det blir spennande politisk innhald med Linn Herning og Ingrid Opedal, eit breitt utval av workshops, innleiing og generaldebatt med partileiar Kirsti Bergstø, og den største dørbankaksjonen i SV si historie!

Vi ladar opp til eit kommune- og fylkestingsval i 2027 som vil vere avgjerande for å få ned forskjellane, kutte klimagassutsleppa, verne naturen og sikre velferda i heile landet.

På programmet vil det vere godt opplegg for både aktivistar, tillitsvalde og kandidatar. Arrangementet er gratis, ope for alle, og du får lunsj. Og best av alt? Du får møte kjekke SVarar frå heile fylket!

Partileiar Kirsti Bergstø, glad

Påmelding

Arrangementet er gratis, og ope for alle. Du melder deg på gjennom billettsystemet Checkin.

Praktisk informasjon

Arrangementet skal vere på Vestlandshuset i Bergen, med adresse Vestre Strømkaien 13 (inngang D). Inngangen vil vere godt merka.

Program

09:00Dørene opnar
Kaffi og prat
09:30Grøne kommunar
Ingrid Opedal, nestleiar i SV sitt miljøpolitiske utval
10:00
Kommunevalet og velferdsstaten
Linn Herning, dagleg leiar i For Velferdsstaten
10:30Pause og keynotes
Meir informasjon kjem
10:45Parallelle workshops
Workshops for kandidatar, tillitsvalde og aktivistar.

A. Kandidat på 1-2-3, ved Silje Nordtveit Olsen

B. Valprogram, ved Hilde Hildal Hauglid, Linn Herning og Ingrid Opedal

C. Kapteinskulering, ved Linn Olaussen og Signe Birks

D. Listestilling, ved Hege Lothe

E. Gøye lokallagsaktivitetar, ved Marita Nikolaisen og Eldrid Skudal

F. Korleis få gode samtalar med veljarane, ved Felix Vaager
11:30Lunsj
Mat og prat
12:00Den største dørbankaksjonen i SV si historie
Med partileiar Kirsti Bergstø
14:00Valkamp, strategi og generaldebatt
Med partileiar Kirsti Bergstø
16:00Avslutning
Med fylkesleiar Jarle Brattespe
17:30Kveldsarrangement hos Bergen SV
Sofaprat om bolig med Kirsti Bergstø. Se under for mer informasjon.

Sofaprat om bolig med Kirsti Bergstø

Har du også en følelse av at boligmarkedet ikke er laget for vanlige mennesker?

Bergen SV inviterer til sofaprat om boligpolitikk med partileder Kirsti Bergstø! Vi møtes på Bergen Camping søndag 8. november klokken 17:30.

Det blir sosialt, morsomt og lærerikt. Bli med du også, og ta gjerne med en venn!

Sted: Bergen Camping, Kong Oscars gate 45.

Tid: Søndag 8. november klokken 17:30.

Dørene åpner: Klokken 16:45.

SV-logo med slagordet "for dei mange - ikkje for dei få"