Valkampkonferanse 2019

Publisert av: vagan Publisert: 20. mai 2019
Oppdatert: 11. august 2019
Lesetid: ca. 1 min
Sett av dagen og nytt høvet til å bli kjent med andre valkampklare SV-folk i heile det nye vestlandfylket!

Velkommen til valkampkonferanse!
Tid: Laurdag 15. juni kl. 11.00 – 16.00
Stad: Scandic Bergen City, Håkonsgaten
Påmelding: Vestland@sv.no

Målgruppe: Alle engasjerte medlemmar som ynskjer å drive valkamp.

Mål: Gjere deltakarane i stand til å drive god lokal valkamp.

Program:
For dei mange – ikkje for dei få, Torgeir Knag Fylkesnes, nestleiar SV

Korleis møter me veljarane på gata, Hilde Boberg Andresen, Bergen SV

Korleis møter me veljarane i stua/på nett, Camilla Ahamath, Bergen SV.

Me går til val på:
– Korleis møte klimakrisen lokalt, Marthe Hammer, fyrstekandidat Vestland SV

– Levande lokalsamfunn i heile Vestland, Åsmund Berthelsen, andrekandidat Vestland SV

– Ein skule for alle, Rakel Trondal, Gruppeleiar Trøndelag SV

– Sakar som ungdom på vestland er opptatt av – og SV/SU sine løysningar, Jeffrey Meijer, Ungdomskandidat Vestland SV

Deltakaravgift: 200kr/100kr (ikkje-yrkesaktive)
Inkl i pris er reisekostnader utanfor Bergen. Det blir servert lunsj. Kaffe og te.
Påmelding: Vestland@sv.no

Kandidatsamling søndag 16. juni.
Målgruppe: Listekandidatar på lokal- og fylkesnivå.
Deltakaravgift: 300kr per lokallag
Meir om program og stad for denne samlinga kjem.