Tid: Fredag 16. august kl. 15:30–18:00
Stad: Ved Førde Rådhus, Hafstadvegen 42
På gatefesten til Vestland SV blir det musikk, appellar og prat med SV-kandidatane til fylkestingsvalet i Vestland, og fleire av våre kandidater rundt om i kommunane blir med.
Frå klokka 15.30 startar med grilling av pølser og steiking av SVele, saman med ein god prat.
Programmet startar klokka 16.00
Det blir musikk frå Line Dybedal, Lena Skjerdal, appellar frå fyrstekandidat i Vestland SV Marthe Hammer, fyrstekandidat Sunnfjord SV Åsmund Berthelsen og me lanserer historieheftet «Sosialisme i trivselfylket. Sogn og Fjordane SF / Sogn og Fjordane SV 1965 – 2019»
I historiehefte får du lese om den spede starten, om store valsigrar, om fogderistrid, sjukehusstrid, miljøstrid og kamp for å halde Noreg utanfor EU. Men også samhald, sommarleiarar og
tillitsvalde som både hadde det kjekt saman og diskuterte høglytt til andre tider. Historikar Gaute Losnegård har skreve heftet.
Heile arrangementet er gratis.
Historieheftet sel vi for 200 kroner. Eit kupp!
Det blir veldig kjekt for både store og små! Alle er velkomne!