Høyringsfråsegn frå Vestland SV

Publisert av: vagan Publisert: 02. oktober 2019
Oppdatert: 02. oktober 2019
Lesetid: ca. 1 min
Her kan du lese Vestland SV sitt høyringsfråsegn til NVE sitt «Forslag til nasjonal ramme for vindkraft»

Nedst på sia kan du lese heile høyringsfråsegna til Vestland SV

Oppsummering:

  1. Kunnskapsgrunnlaget i forslaget til nasjonal ramme for vindkraft har manglar om følgjene for næringsliv, friluftsliv, artsmangfald og busetting
  2. Målet for den vidare handsaminga må vere å få ein samla plan der område som er uaktuelle for vindkraftutbygging vert peika ut.
  3. Vestland SV meiner det må kome ein verneplan for kyst- og fjellandskap fri for vindkraftutbygging og andre tunge, tekniske inngrep.
  4. Vestland SV meiner at allereie gjevne konsesjonar må vurderast på nytt på grunn av manglande naturkartleggingar.
  5. Det er fram til no ikkje lagt fram nokon dokumentasjon på at det er ein samanheng mellom utbygging av vindkraft på land og reduksjon i bruken av fossil energi.
  6. Før vidare utbygging av vindkraft på land og i havet må det gjennomførast ei grundig vurdering av kor mykje fornybar energi vi treng ,og korleis det er mogleg å redusere behovet for både fossil og fornybar energi. 
  7. Kommunane må  ha ein rett til å seie nei til utbygging.
  8. På grunn av svært omfattande konfliktar knytt til planane m.a. regionale og nasjonale verdiar innnan landskap, friluftsliv, naturmangfald, kulturminne/kulturmiljø og reiseliv må alle areal i Hordaland og Sogn og Fjordane verte tekne ut av nasjonal ramme for vindkraft.

Høyringsfråsegn-fr-SV-Forslag-til-nasjonal-ramme-for-vindkraftLast ned