– SV gjekk til val på at vi vil prioritere gode bruksvegar med gul stripe, og prioritera vedlikehald, rassikring og trafikksikring på vegane i heile fylket framfor store prestisjeprosjekt, seier Marthe Hammer, gruppeleiar i Vestland SV.
Vedtaket i fylkesutvalet seier at hovudprioritert i Vestland fylke er rask framdrift av ny jernbane og rassikker veg mellom Bergen og Voss.
Samtidig er det viktig for Vestland SV å stogge Hordfast-prosjektet.
– Vedtaket nemner ikkje Hordfast. Det er vi meir enn nøgd med. Hordfast-prosjektet har igjen fått ein spiker i kista. Framlegget i dag legg vekt på trygge veger mellom fjordkryssingane, slår Marthe Hammer fast.
– For SV har det vore viktig å vere med å sikre eit fleirtal som prioriterer Voss-Arna først og som IKKJE prioriterer Hordfast. Det gjer vi no, seier Marthe Hammer.
Endeleg vedtak vert gjort av fylkestinget tysdag 12. mai.