Ny jernbane og rassikker veg Bergen-Voss er hovudprioritet

Publisert av: vagan Publisert: 30. april 2020
Oppdatert: 30. april 2020
Lesetid: ca. 1 min
Fleirtalspartia la i dag tidleg fram fellesframlegg i fylkesutvalet til Nasjonal transportplan (NTP)

– SV gjekk til val på at vi vil prioritere gode bruksvegar med gul stripe, og prioritera vedlikehald, rassikring og trafikksikring på vegane i heile fylket framfor store prestisjeprosjekt, seier Marthe Hammer, gruppeleiar i Vestland SV. 

Vedtaket i fylkesutvalet seier at hovudprioritert i Vestland fylke er rask framdrift av ny jernbane og rassikker veg mellom Bergen og Voss.

Samtidig er det viktig for Vestland SV å stogge Hordfast-prosjektet. 

– Vedtaket  nemner ikkje Hordfast. Det er vi meir enn nøgd med. Hordfast-prosjektet har igjen fått ein spiker i kista. Framlegget i dag legg vekt på trygge veger mellom fjordkryssingane, slår Marthe Hammer fast.

–  For SV har det vore viktig å vere med å sikre eit fleirtal som prioriterer Voss-Arna først og som IKKJE prioriterer Hordfast. Det gjer vi no, seier Marthe Hammer. 

Endeleg vedtak vert gjort av fylkestinget tysdag 12. mai. 

Les heile framlegget herLast ned