Her finn de vedlagt utkast til valliste for stortingsvalet 2021.
Lokallaga vil no komme med innspill fram til 15. desember. Endeleg listeframlegg kjem 6. januar.
Nominasjonsmøtet til SV i Hordaland valkrins er 14. februar.
Topp 5 på lista:
1. Audun Lysbakken (Bergen)
2. Sara Bell (Bergen)
3. Camilla Ahamath (Bergen)
4. Symphorien Pombe (Øygarden)
5. Anna Sofie Ekeland Valvatne (Stord)
Partileiar Audun Lysbakken har fått fyrsteplassen på listeforslaget. Det er ei ære for SV valkrins Hordaland at Audun Lysbakken vil stå på vår liste. Som partileiar og stortingsrepresentant for Hordaland har Audun styrkt partiet i prosent og røyster. Han legg alltid vinn på å vera vår kandidat i tillegg til å ha eit landsansvar for heile partiet.
Ved dette valet tek SV sikte på både å få minst ei hand med i styringa av landet frå Storting og regjering. Vi meiner at sjansane for eit direktemandat nummer to absolutt er til stades – og endå meir eit utjamningsmandat. Det betyr at alle våre tre øvste kandidatar må vera budde på å vera med i regjering/på Stortinget dei neste tre åra.
Nominasjonsnemnda er svært glade for at Sara Bell og Camilla Ahamath har sagt seg viljuge til å stå på høvesvis plass to og tre.
Med Sara Bell har vi på 2. plass ei av dei absolutt fremste og motigaste fagforeiningstillitsvalde i Fagforbundet, i Bergen, Vestland og endå vidare. Ho er den i Fagforbundet som har vore heilt fremst i kampen mot velferdsprofitørane, her lokalt og faktisk på landsplan. Det betyr mykje for SV si fagforeiningspolitiske nasjonale tyngde å ha Sara med i toppen på stortingsvallista i Hordaland.
Camilla Ahamath har kome som ei heilt særeigen kraft inn i SV. På kort tid har ho fått tillit som bystyrerepresentant for Bergen SV, ho har vorte politisk leiar i Vestland SV, ho har vorte vald inn i SV-landsstyret – og no foreslår ei samrøystes nominasjonsnemnd henne til 3. plassen på stortingslista. Camilla si røyst mot rasisme og integrering er både motig, kunnskapsbasert og røynd på kroppen.
Vi bryt med all tradisjon om æresplass for ein veteran. I staden lanserer vi Hilde Maria Boberg Andresen, teiknspråkforkjempar og aktivistisk leiar for Bergen SV på 22. plass.
Vi skuldar å gjera merksame på at vi har i særklasse mange gode kandidatar i Hordaland valkrins. Vi skulle ha hatt plass for minst ti til, og sjølv det kunne ha halde hardt!
For nominasjonsnemnda
Oddny I. Miljeteig (leiar)
Dei andre i nemnda: Hege Bjørnør (Bjørnafjorden), Nils Magne Blålid (Stord), Steinar Nørstebø (Bergen), Dina Serine Owren (Vestland Sosialistisk Ungdom)