Skadeleg diktat frå regjeringa

Publisert av: olavvlam Publisert: 22. juni 2021
Oppdatert: 28. januar 2022
Lesetid: ca. 2 min
Marthe Hammer om nærskulemodellen i Bergens Tidende.

Eg høyrer at regjeringa veit best kva inntaksmodell som passar for opptak til vidaregåande skule, og at regjeringa sin modell passar for alle. Det er provoserande og udemokratisk.

Denne våren er første år med ny inntaksmodell for den vidaregåande skulen i Vestland. Fleirtalet i fylket vedtok i fjor å erstatte det karakterbaserte inntaket – det såkalla «frie» skulevalet – med ein nærskulemodell. Vi innførte åtte nærskulesoner i heile Vestland.

Og berre ei slik justering var veldig avslørande. Det viste nemleg at elevar med dei dårlegaste karakterane ikkje fekk skuleplass i Stor-Bergen. Sona inkluderer Bergen og omengskommunane, og er den desidert største nærskulesonen i Vestland, med over halvparten av alle elevane i fylket.

Nærskulemodellen avdekka ei systematisk underdekning av elevplassar innan yrkesfag i Stor-Bergen. Dette, kombinert med ei gledeleg utvikling i talet på elevar som søkjer yrkesfag, var altså grunnlaget for at fylkestinget i førre veke bestemte å opprette minimum seks ekstra yrkesfagsklassar i Bergen.

Vi veit lite om kva som har skjedd med desse yrkesfagselevane tidlegare, men erfaringa er at ein stor del av dei som får tilbod med lengre reiseveg, takkar nei til tilbodet dei får. Det er grunn til å tru at mange av desse tidlegare har blitt del av fråfallsstatistikken.

Problemet er at no er Vestland fylkeskommune sin modell på kant med regjeringa sitt diktat. For dei har bestemt at det er seks inntaksområde som er talet.

I Vestland har vi lagt til grunn at vi skal evaluere nærskulemodellen, og justere tal på inntakssoner etter dei erfaringane vi får. Førebels er heile Stor-Bergen ei sone, og i praksis er det karakterane som bestemmer i heile dette området.

Det betyr at vi framleis har såkalla a og b-skular, der vi samlar elevane med dei beste karakterane på nokre skular og samlar elevane med dei dårlegaste karakterane på andre.

Over tid fører dette til segregering og dårlegare skulemiljø, fordi elevmassane vert så like. Vi får det verste i kvar gruppe. Meir karaktermas og prestasjonspress, og meir av motivasjonsutfordringar fordi alle dei
som ikkje kom inn på det dei ville, også er samla på same skule.

Nærskulemodellen avslørte at det såkalla «frie» skulevalet var alt anna enn fritt for dei yrkesfagselevane med dei dårlegaste karakterane. Dei fekk ikkje plass og måtte ut av både Bergen og nabokommunane for å få skuletilbod.

No vil regjeringa stoppe dette, og hindre fylka i å avdekke kor urettferdig det karakterbaserte opptaket eigentleg er.

Les saken på BT.no