Eit rettferdig Noreg
Noreg skal bli eit meir rettferdig land. Vi skal ha eit Noreg der du ikkje blir blakk om du går til tannlegen, der skulefritidsordninga (SFO) er gratis og der velferdsstaten er der for kvar og ein av oss, dersom vi mister jobben eller helsa vert dårleg. Dei som har mest skal betale meir skatt og dei som har mindre skal betale mindre skatt.
Eit rettferdig grønt skifte…
Forskjellane aukar, og verda opplever ei akutt klima- og naturkrise. Vi må løyse klimakrisa og stanse nedbygginga av natur og dyrka mark. Dette må vi gjere på ein rettferdig måte. SV har laga ein plan for å kutte klimautslepp, byggje opp nye næringar, sikre arbeidsplassar og dele goda for å få ned dei økonomiske forskjellane.
… og ei rettferdig verd
SV vil at Noreg skal slutte seg til FN sitt forbod mot atomvåpen. Vi vil ta imot fleire flyktningar. Vi vil sikre ein solidarisk handels- og utviklingspolitikk, arbeide for internasjonal solidaritet og kjempe mot okkupasjon og undertrykking.
Hege Lothe gjev veljarane i Sogn og Fjordane ti valløfte. Desse sakene vil ho arbeide skikkeleg hardt for på Stortinget:
Ja til Sogn og Fjordane som eige fylke
SV vil ha folkeavrøysting om oppløysing av fylka. Om fleirtalet i folkerøystinga i ein av valkrinsane seier ja, vil SV at Stortinget skal opprette fylka Sogn og Fjordane og Hordaland att.
Ja til rein Førdefjord
SV seier ja til mineralutvinning i Vevring med gruvedrift og full ressursutnytting. SV seier nei til ope dagbrot og å dumpe giftig gruveavfall i fjorden.
Nei til vindkraft og ja til ville vassdrag, naturmangfald og nullutslepp
Tap av natur og klimaendringar trugar livet på jorda. SV seier nei til meir vindkraftutbygging på land og vil stogge omstridde vindkraftverk som har fått konsesjon. SV vil sikre dei verna vassdraga. Vi vil redusere forbruket av energi, effektivisere energibruken og bygge ut fornybar energi som sikrar naturmangfaldet og gjev utsleppskutt.
Ja til grønt næringsliv og eit rettferdig grønt skifte
Med både krav og statleg støtte vil SV gjere Sogn og Fjordane leiande i å utvikle grønt næringsliv. Miljøkrav til ferjer og hurtigbåtar har medverka til industriutvikling og grønt maritimt skifte, og det må halde fram. SV vil ha eit berekraftig reiseliv.
Ja til levande kulturliv
SV seier ja til dei profesjonelle kulturarbeidarane og institusjonane, og det friviljuge kulturlivet. SV vil sikre god finansiering av festivalar og Bokbyen i Fjærland, og gje kulturhusa levelege vilkår. SV vil sikre kultur- og praktisk-estetiske linjer ved vidaregåande skular, og gje fleire høve til å delta i kulturskulen.
Ja til større mangfald
SV vil gjere bygdene meir aktuelle for unge kvinner på jobbjakt. SV vil ha eit meir variert arbeidsliv med heile faste stillingar, forsøk med 6-timarsdag og eit reelt inkluderande arbeidsliv. Vi vil setje antirasisme og skeive sine rettar på dagsorden. Vedtaket om fylket som antirasistisk sone vil SV fylgje opp.
Ja til gul midtstripe og trygge vegar
SV vil auke løyvingane til rassikring, gje meir pengar til fylkesvegane, ha gul midtstripe på riksvegane og løyve meir til gang- og sykkelvegar. SV vil skrote planane om ferjefri E39.
Ja til ein sterk høgskule i Sogn og Fjordane
SV vil utvikle Høgskulen på Vestlandet som nasjonal og internasjonal forskings- og utdanningsinstitusjon. I Førde vil vi ha utdanning av sjukepleiarar og ingeniørar. I Sogndal vil vi ha eit breitt studietilbod inkludert profesjonsutdanningane.
Ja til eit meir klima- og miljøvenleg jordbruk
Bøndene skal ha ei inntekt å leve av, også deltidsbøndene. Det må lønne seg å bruke lokale ressursar som beite og utmark. Det må bli betre vilkår for å dyrke grønsaker, frukt og bær, og vi må stimulere til investering og drift på dei små og mellomstore bruka. Eit styrka landbruk er avgjerande for busetting i alle delar av Sogn og Fjordane.
Ja til nynorsk
SV vil sikre at nynorskelevane vert jamstilte med bokmålselevane i ny opplæringslov. SV vil at det skal vere like lett å skrive nynorsk som bokmål i alle samanhengar. Nynorsk må sikrast i programvare og på nett.
1. kandidat: Hege Lothe (49), Gloppen
Organisasjons- og informasjonskonsulent i Noregs Mållag
2. kandidat: Hans Christian Andersen-Knutsen (21), Sogndal
Organisasjonsrådgjevar for Humanistisk Ungdom
3. kandidat: Vibeke Johnsen (55) Sogndal
Direktør i NAV-kontaktsenter, Nordvestlandet og varaordførar
4. kandidat: Åsmund Berthelsen (68) Naustdal
Pensjonist og medlem av fylkestinget i Vestland fylke, formannskapsmedlem og kommunestyremedlem i Sunnfjord kommune
5. kandidat: Nermin Ali Wasta (55), Måløy
Barne- og ungdomsarbeidar i SFO på Skram skule
6. kandidat: Silje Synnøve Høgelid (26), Høyanger
Lærar og mastergradstudent
7. kandidat: Bent-Inge Auflem Borgund (46) Nordfjordeid
Helsefagarbeidar i Stad kommune
8. kandidat: Hilde Iren Rivedal (48) Førde
Einingsleiar i Aktivitetseininga i Sunnfjord kommune
9. kandidat: Sæmund Stokstad (36) Lærdal
Jordskiftedommar i Sogn og Fjordane jordskifterett
10. kandidat: Heidi Grande Røys (56) Florø
Styrar i Havreneset barnehage i Kinn kommune. Stortingsrepresentant for SV i Sogn og Fjordane frå 2001 til 2005 og fornyings- og administrasjonsminister (2005-2009)