Vi treng eit rettferdig grønt skifte

Publisert av: froydis.olaussen Publisert: 31. august 2021
Oppdatert: 27. januar 2022
Lesetid: ca. 2 min
Les Hege Lothe, Stortingskandidat for SV i Sogn og Fjordane


Denne sommaren har media meldt om dramatiske flaumar i Sentral-Europa, langvarig hete og forferdelege skogbrannar endå lenger sør. Bøndene i Vik i Sogn får berre 70% av vanleg grasslått, og brukar mykje pengar på å kjøpe for. Fleire stadar i Noreg har det vore svært tørt og høg skogbrannfare. Breane våre går tilbake og syner oss at klimaendringane. Forskarar kjem med varsku om at Golfstraumen kan kollapse. Og FN sitt klimapanel har lagt fram ein urovekkande rapport, som syner at klimakrisa er her no. 

Det er lett å kjenne seg makteslause, men vi må heller ta tak. SV vil at dette stortingsvalet skal handle om kva løysingar som finst. Ei ny regjering etter valet må klare å løfte klima til toppen av prioriteringslista. SV vil vere ein pådrivar for å få kutta utsleppa så mykje som råd og vi vil få ned utsleppa med 70% innan 2030. Vi  har difor laga ein plan for eit rettferdig grønt skifte for Noreg.

Planen er basert på tre byggesteinar: vi skal kutte klimagassutslepp, bygge opp nye næringar og sikre arbeidsplassar, og dele for å få ned økonomiske forskjellar. Både utslepp og forskjellar skal ned. Difor skal vi innføre ein grøn folkebonus slik at folk med låge inntekter får dei pengane dei må betale i auke klimaavgift tilbake. Vi må realisere det viktige potensiale i Noreg for batteri-industri, havvind til havs i samarbeid med fiskeria, grøn skipsfart, bio, hydrogen, karbonfanst og –lagring. Landet vårt er bygd på rikdom frå hav og jord, fjell og fjord. Sikrar vi ei berekraftig forvaltning og felles eigarskap, kan naturen framleis gje oss mat, arbeidsplassar og opplevingar i framtida.

Hege Lothe
Stortingskandidat for SV i Sogn og Fjordane 

Bilete: Hege Lothe, stortingskandidat for SV i Sogn og Fjordane og Audun Lysbakken, leiar i SV, har ein plan for rettferdig grønt skifte for Noreg. (Foto: Hans Vold Husum)