Pressemelding frå Vestland SV:
SV vil ta opp saka om folkerøysting med spørsmålet om å dele Vestland fylke i komande fylkesting i mars. Det er klart etter fylkesårsmøtet i Vestland SV i dag.
– SV meiner at spørsmålet bør stillast til folk i fylket vårt. Folk i Hordaland og Sogn og Fjordane fekk ikkje høve til å seie meininga si gjennom ei folkerøysting før fylkessamanslåinga. Det bør dei få sjansen til no, seier Hege Lothe, leiar i Vestland SV.
– Vilkåra som både fleirtalet i Sogn og Fjordane fylkesting og Hordaland fylkesting sette for samanslåinga er ikkje innfridde, peikar Hege Lothe på.
Fylkeskommunane har ikkje fått nemneverdige med nye oppgåver eller meir makt. Derimot har reforma ført til sentralisering og det er grunn til å tru at det vert meir sentralisering i åra som kjem.
Debatten er aktuell over heile landet. Det er venta at både Troms og Finnmark, Viken og Telemark og Vestfold vil be om å bli løyst opp. Fylkestinget i Innlandet har lagt saka ut til folkerøysting, og då bør også folk i Vestland få sjansen til å seie kva dei meiner, meiner fylkesårsmøtet i Vestland SV.
– Ved å leggje spørsmålet ut på folkerøysting vil kvar enkelt kunne vurdere kva som er viktig. Det er å ta folkestyre på alvor, seier Hege Lothe.
Om fleirtalet i folkerøystinga, i ein av stortingsvalkrinsane, seier ja til oppdeling bør fylkestinget fylgje rådet å sende inn søknad til regjeringa og Storting om å opprette fylka Sogn og Fjordane og Hordaland.