Ny organisasjonskonsulent på plass

Publisert av: sigrid.sandal Publisert: 22. august 2022
Oppdatert: 22. august 2022
Lesetid: ca. 1 min

SV er eit parti i vekst, difor vil Sigrid Sandal (30) arbeide med partibygging delt mellom Vestland SV og det største lokallaget Bergen SV.
– Eg gler meg til å ta fatt på nye oppgåver og arbeide for grøn og rettferdig politikk i heile Vestland, seier Sigrid Sandal.

Sigrid Sandal vaks opp i Sogndal og etablerte lokallag for Sosialistisk Ungdom i Sogndal  kring midten av 2000-talet. Som historiestudent i Sogndal og seinare Bergen har ho brei erfaring frå studentpolitikken og tverrpolitisk arbeid. Etter fullført utdanning har ho arbeidd i studieadministrasjonen ved Universitetet i Bergen.

– Det er ei særleg viktig oppgåve å starte opp og styrke bydelslag i Bergen, og å starte opp fleire lokallag elles i fylket, seier Hege Lothe, leiar i Vestland SV.
– For oss er det avgjerande å stille ein slagkraftig partiorganisasjon med kommunestyrelister i så mange kommunar som råd ved det viktige kommune- og fylkestingvalet neste år.