Seminar om energi og natur

Publisert av: sigrid.sandal Publisert: 10. november 2022
Oppdatert: 11. januar 2023
Lesetid: ca. 1 min

Miljøpolitisk utval inviterer alle interesserte i Vestland til seminar i Bergen, fredag 11. og laurdag 12. november.

På programmet står blant anna natur og energi i utkastet til nytt prinsipprogram for SV. Marthe Hammer frå Fylkestingsgruppa kjem for å snakke om miljø og natur i det komande fylkesprogrammet. Tor Midsund frå fylkeskommunen skal diskutere regional plan for fornybar energi (2022-2035) med oss, og vi får besøk frå organisasjonen Energi og natur som skal snakke om energipolitikk på naturen sine premiss.

Alt i alt ei spanande helg med fagleg påfyll og rom for å diskutere nye løysingar, gode løysingar og retninga for SV sin miljøpolitikk.

Programet sine detaljar er under arbeid men tidsramma er:
Fredag kl 15-19

Laurdag 09-14

Gje oss gjerne ein lyd om du vil vere med i dette skjemaet

Møtet finn stad på partikontoret på St. Jakobspass nr 9. Ein kort spasertur frå Bergen busstasjon eller Nygård bybanestopp. Lokalet er tilpassa rullestol og barnevognvennleg.

Spørsmål kan sendast til utvalsleiar Jens Revold på jens.revold@gmail.com eller til partikontoret i Bergen: bergen@sv.no.