Marthe Hammer nominert på topp for Vestland SV

Publisert av: froydis.olaussen Publisert: 21. november 2022
Oppdatert: 28. november 2022
Lesetid: ca. 2 min

Laurdag 19. november heldt Vestland SV nominasjonsmøte for fylkestingslista for Vestland SV til fylkestingsvalget 2023-2027.

Marthe Hammer er vald som Vestland SV sin toppkandidat.

– Klimakrisa, miljøøydelegging og aukande forskjellar er vår tids store utfordringar. For å møte desse utfordringane må vi forandre Noreg til å bli eit føregangsland som trekk verda i ei miljø- og klimavennleg retning, seier Marthe Hammer.

No har vi eit flott lag i SV som stiller til val i Vestland for å få ned forskjellane, styrke velferda og kjempe mot klimaendringane og naturkrisa, seier Marthe.

Topp seks for Vestland SV

Marthe Hammer (43 år) er i dag gruppeleiar for SV i fylkestinget, ho bur på Bønes i Bergen. I fylkestinget er ho ei av dei mest erfarne samferdselspolitikarane i Vestland, og er i dag nestleiar for hovedutvalg for samferdsel og mobilitet.

Åsmund Berthelsen (70 år) busett i Naustdal, Sunnfjord kommune. Han er nestleiar i hovedutval for opplæring og kompetanse i Vestland. Åsmund er politikar og aktivist som jobbar for å hindra utslepp av 250 millionar tonn gruveslam i Førdefjorden og stilla krav om underjords gruvedrift med full ressursutnytting.

Marianne Sæhle (56 år) frå Bergen. Ho er føretakstillitsvald for Norsk sykepleierforbund i Helse-Bergen. Ho sit i dag i fylkestinget og hovedutval for næring.

Alexander Papas (21 år) frå Stord. Alexander er lærarstudent ved Høgskulen på Vestlandet. Han er oppteken av eit godt offentleg opplæringstilbod, nærskuleprinsippet, nei til motorvegar, inkluderande fellesskap og eit attraktivt studentfylke.

Hege Lothe (50 år) frå Gloppen. Ho er organisasjons- og informasjonsrådgiver i Noregs Mållag. Hege er fylkesleiar i Vestland SV, og ho er oppteken av rettferdig fordeling, kulturpolitikk, målsak, skulepolitikk, miljøvern, tannhelsereform og næringspolitikk for å nemne noko.

Symphorien Pombe (49 år) busett i Sund i Øygarden kommune. Han er politisk flyktning frå DR Kongo, og jobbar no med barn og Unge i Øygarden kommune. Symphorien er medlem i Hovedutval for Kultur, idrett og inkludering og styremedlem i Stiftinga Kystkultur, der han representerer fylkestinget. Symphorien sine hjertesaker er internasjonal solidaritet og gode og trygge oppvekstvilkår for alle barn.

Presentasjon topp 20

kandidatpresentasjonar-7-20Last ned

Heile lista

fylkestingslista-vestland-sv-2023-2027-1Last ned