Hege Lothe er attvald som leiar i Vestland SV

Publisert av: sigrid.sandal Publisert: 12. februar 2023
Oppdatert: 12. februar 2023
Lesetid: ca. 1 min

I helga er Vestland SV hatt fylkesårsmøte i Bergen. 

– Det er stas å få vere i spissen for eit offensivt fylkeslag som vil gjere eit godt val for SV i kommunane og i Vestland fylke, seier Hege Lothe, leiar i Vestland SV. 


Hege Lothe (50) frå Gloppen får med seg ny politisk nestleiar Jonas Aleksander Foldnes (20) frå Øygarden, Rafael Cobo Garrido (50) frå Askøy som organisatorisk nestleiar og Sara Bell som er økonomiansvarleg. 

Resten av fylkesstyret er fagleg ansvarleg Karin Bell Trædal frå Stord, kvinnepolitisk ansvarleg Kristin Hartvedt frå Bergen, distriktspolitisk leiar Mari Svartveit Hansen frå Ullensvang, folkevaldansvarleg Vibeke Johnsen, som er varaordførar i Sogndal, Gaute Losnegård frå Askvoll, Silje Nordtveit Olsen frå Kvinnherad, Kerim Nisancioglu frå Bergen, Gabriella Haugland frå Vestland SU og Marthe Hammer, gruppeleiar i fylkestinget. 

I helga vart det vedteke nytt fylkestingsvalprogram for Vestland SV. Eit fylkestingsval der Marthe Hammer er fyrstekandidaten: 

– Vårt mål er å holde høgresida vekke frå styringa av Vestland fylkeskommune. Vestland treng meir rettferdig omfordeling og meir klima og miljøpolitikk, ikkje mindre.

For meir informasjon: 

Hege Lothe, leiar i Vestland SV, 926 48 348 e-post: hege.lothe@gmail.com 

Marthe Hammer, gruppeleiar og fyrstekandidat for Vestland SV, 97672203 Marthe.Hammer@vlfk.no