Beste val i Vestland på 20 år. Tusen takk!

Publisert av: Aslak Owren Publisert: 12. september 2023
Oppdatert: 12. september 2023
Lesetid: ca. 2 min

Stemmene er ikkje endeleg talt, men ein ting er klårt.

SV går tydeleg fram i Vestland, og har fått fleire fylkestingsstemmer enn i noko val sidan 2003. Vår gruppe aukar frå fire til fem. Det er veldig bra, og gjer oss eit godt grunnlag for å fremme og gjennomføre vår politikk.

Tusen takk til alle som har stemt på oss!

Vi går inn i den neste perioda med mål om å få mest mogleg uttelling for dei over 22 000 vestlendingane som har stemt på oss. Det betyr forhandlingar med den breie koalisjonen som vi har vore del av i førre fylkestingsperiode.

Vi vil bevare nærskulemodellen i vidaregåande skule, og stanse innføring av fleire eller større kommersielle privatskuler. Vi vil satse på eit billegare og desentralisert tannhelsetilbod i den offentlege tannhelsetenesta. Vi vil prioritere rassikre veger og utbygging av kollektivtransport, og gå mot megaprosjekt som Hordfast.

I årets kommuneval stilte SV liste i 32 kommuner, og vi fekk gode valresultat fleire stader. Bergen SV fekk over 10 % av stemmene, og gjekk tydeleg fram – som einaste parti på venstresida. Det er dei som er drivkrafta for forandring i Bergen by. Tysnes SV har stilla liste for første gong, og kome inn med heile 12,8 % av stemmene og 3 mandater. Kvinnherad SV har stilt ny liste, og kome inn med 8,2 % av stemmene og 3 mandater. Luster SV har stilt ny liste for fyrste gong sidan 2015, og kome inn i kommunestyret!

I store deler av fylket er det framgang og gode resultat for SV, og vi vil i neste periode vere representert i 30 kommuner – og med heile 12 fleire SV-representantar totalt. Vi er utruleg stolte av lokallaga våre, og deira kandidatar som har stått på i denne valkampen.

Vi trenger deg på laget. Vi trenger at du blir med på å ta partiet vidare. For å bygge organisasjonen, og lage ny og betre politikk for rettferdig fordeling, inkludering, klima og miljø. Gå inn på https://www.sv.no/bli-medlem/ og meld deg inn i dag!