Vi gjer Vestland raudare og grønare – og held høgresida unna makta!
Marthe Hammer, gruppeleiar for Vestland SV.
Frå venstre: Stian Opedal Davies (Ap), Åsta Årøen (V), Marthe Hammer (SV), Trude Brosvik (KrF), Nils-Anders Nøttseter (MDG) og Jon Askeland (Sp).
Vi er einige om å fortsette samarbeidet. SV har vore del av den styrande koalisjonen i Vestland dei siste fire åra, beståande av SV, Ap, Sp, V, KrF og MDG. Denne koalisjonen har på nytt fått fleirtal etter fylkestingsvalet, og vi har derfor sete i forhandlingar sidan valnatta, og no er vi komen til einigheit.
Det å sikre eit fleirtal for bybanen vidare til Åsane har vore avgjerande for SV. Vi er også glad for at fleirtalet er einig om å stoppe veksten i kommersielle skular og vidareføre dei endringane som er gjort i inntaksmodell for vidaregåande skulen. SV er i gang med tannhelsereforma og for oss har det vore viktig å ha handa på rattet i gjennomføringa av den offentlege tannhelsetenesta.
Takk til dei over 23 000 veljarane i Vestland som stemte på oss. Vi trur at denne einigheita er ein god start for å gje de politisk utteljing. Vår nye fylkestingsgruppe på fem vil bruke dei neste fire åra på å få til enno meir.
Vil du vere med på å utvikle SV sin politikk? Bli medlem då vel!
Les plattformen her: