Hege Lothe vald som 1. kandidat til Stortinget for Sogn og Fjordane

Hege Lothe (52) frå Gloppen er klar som stortingskandidat for SV i Sogn og Fjordane. Laurdag vart ho vald med stor applaus på nominasjonsmøtet på Sandane. 

– SV vil ta kampen for ein aktiv distriktspolitikk, velferd for alle og eit fellesskap der staten, fylket og kommunane stiller opp for innbyggjarane, seier Hege Lothe, som ser fram til valkampen i Sogn og Fjordane.
– Eg stiller til val fordi eg vil ha eit rettferdig samfunn som tek vare på folk og naturen rundt oss, og så ynskjer eg ei levande framtid for bygdene og byane i Sogn og Fjordane. 

Hege Lothe er leiar i Vestland SV, landsstyremedlem, fylkesstyrepresentant i Vestland og kommunestyre- og formannskapsmedlem i Gloppen. Til vanleg arbeider ho som organisasjon- og kommunikasjonsrådgjevar i Noregs Mållag.

På 2. plass er Alice Hestad Vie (35) frå Askvoll, medlem av kommunestyre- og formannskapet i Askvoll og ein velgjarmagnet. Ho er avdelingsleiar for geoteknikk i Sunnfjord Geo Center. 

På 3. plass er Sæmund Stokstad (39) frå Lærdal, medlem av kommunestyret- og formannskapet og jordskiftedommar i Sogn og Fjordane jordskifterett. 

Dette er stortingslista for SV i Sogn og Fjordane: 

1. plass Hege Lothe (1972) Sandane i Gloppen  

2. plass: Alice Vie (1989) Bur i Stongfjorden i Askvoll
3. plass: Sæmund Stokstad (1985), Borgund i Lærdal
4. plass: Jakob André Sandal (1978), Skei i Jølster  
5. plass: Vibeke Johnsen (1966) Sogndal 
6. plass: Jon Valur Olafsson (1987) Eikefjord i Kinn   
7. plass: Rana Krizan (1988) Nordfjordeid i Stad   
8. plass: Rasmus Loe (2002) Jostedalen i Luster
9. plass: Tea Volle (2004) Høyanger
10. plass: Åsmund Berthelsen (1952) Naustdal i Sunnfjord