Kven skal leie Vestland SV?

Publisert av: sigrid.sandal Publisert: 28. november 2024
Oppdatert: 29. november 2024
Lesetid: ca. 1 min

Hege Lothe tek ikkje attval som leiar i Vestland SV
– Vestland SV vil takk Hege for innsatsen frå skipinga av fylkeslaget i 2019 til no, og for at ho har vore med å laga eit vitalt fylkeslag, seier Jarle Brattspe, politisk nestleiar i Vestland SV.
– Det har vore både kjekt, lærerikt, og ikkje minst mykje arbeid med å vere leiar i Vestland SV. Eg er svært takksam for at eg har fått vere leiar i seks år, seier Hege Lothe.

Kom med innspel til valnemnda!
Valnemnda har byrja arbeidet å setje saman eit nytt fylkesstyre. Her ser du oversikt over dagens fylkesstyret: https://vestland.sv.no/kontakt/fylkesstyret/
Desse verva er på val: Leiar, politisk nestleiar, organisatorisk nestleiar, miljøpolitisk ansvarleg, kvinnepolitisk ansvarleg og folkevaldansvarleg.
Send innspel på e-post til vestland@sv.no innan 10. desember. Hugs at det er lov å kome med fram om seg sjølv. Har du spørsmål, ta gjerne kontakt med valnemnda direkte.

Valkomiteen er:

Veronicka Ruud, Askøy, (leiar)
veronickaruud@hotmail.com
93886901

Hege Røssland, Kvinnherad
hege.laegreid.rossland@helse-fonna.no

Bente Nilssen Owren, Bergen
bente.owren@steinkjelleren.no

Magne Aardal, Sunnfjord
magneps.aardal@gmail.com

Gjermund Lygre Kongsvik, Tysnes
gjekon@haugnett.no

Sondre Eide Abrahamsen, SU
vestland@su.no

Nytt styre veljast under fylkesårsmøtet 8. og 9. februar 2025 i Bergen.