Velkommen til vårens store hending- felles valkampkonferanse for heile Hordaland valkrins i mai.
Dato: Laurdag 24. mai 2025
Stad: Vestlandssalen i Vestlandshuset i Bergen.
Tid: 11:00 til 17:00
Konferansen er for alle medlemmer frå alle lokallag i Hordaland valkrins. Her gjer me oss klare for Stortingsvalkampen 2025. Nye og gamle medlemmer er alle like velkomen, me er sikker på at alle får noko ut av å vere med. Det vert både politikk og praktisk gjennomføring av valkamp på programmet. De skal få litt betre kjent med toppkandidatane våre, strategiar, stemmetal og bruk av sosiale medium, dør-banking og korleis gjere gode stands og morgonaksjonar.
Me serverer lunsj til alle påmeldte og lovar ein kjekk dag med gode kameratar!
11.00 – 11.15 Velkommen
11.15 – 12.45 Politisk innleiing – hovudsaker v/ Marthe Hammer og Alexander Papas
12.45 – 13.30 Lunsj
13.30 – 14.00 Valkampanje og strategi v/ Marthe Hammer
14.00 – 14.30 Stemmetal og mobilisering i kommunane i Hordaland v/Kjartan Haugsnes
14.30 – 15.00 Materiell 2025 og viktige datoar for valkamp v/Partikontoret
15.00 – 15.30 Korleis drive valkamp på sosiale medium v/ Camilla Ahmath
15.30- 15.45 Pause og forflytting til nye rom for parallelle sesjonar
15.45 – 16.45 Parallelle sesjonar: Bli aktivist!
Spor A) Dør til Dør aksjon i valkampen v/ Partikontoret
Spor B) Stands, morgonaksjonar v/ Eira Garrido Bergen SV
16.45 – 17.00 Avslutning av dagens program
17.00 Ut og gå dørbanking for dei som vil.
18.00 Sosialt treff på lokalt vatnhol.
Kven er innleiarane? |
Marthe Hammer – 1. kandidat til Storinget for Hordaland valkrins. |
Marthe er 46 år og bur i Bergen. Ho er samfunnsøkonom, mangeårig fylkespolitikar i Vestland og som gruppeleiar i fylkestinget har ho det siste 10 året bidrege sterkt til å halde høgresida utanfor makta i fylket. |
Alexander Papas – 2. kandidat til stortinget frå Hordland valkrins. |
Alexander er lærarstudent og sit i fylkestinget. Han brenn for barn og unge sine oppvekstvilkår, kampen mot utanforskap og ein rettferdig bustadmarknad. Han er ei tydeleg stemme for skeiv frigjering, sosial rettferd og ei framtid der alle får moglegheita til å lukkast – uansett bakgrunn. |
Camilla Ahamath – kommunikasjonsspesialist |
Camilla har vore medlem i bystyregruppa til SV i Bergen og vararepresentant på stortinget. I dag sit ho i styret til Bergen SV og jobbar som rådgjevar i kommunikasjonsavdelinga hjå Universitetet i Bergen. Ho har også har lang fartstid som journalist, mellom anna i Bergens Tidene. |
Eira Garrido – bystyrerepresentant i Bergen |
Eira har sin andre periode i bystyret som fast representant for SV, ho har tidlegare vore varaordførar i Bergen og er ein røynd kulturpolitikar, og ikkje minst aktivist! Eira jobbar som dagleg leiar i Samarbeidsrådet for tros- og livssynnssamfunn i Bergen. |
Håper så mange medlemmer og tillitsvalde set av tid til denne laurdagen i Bergen
Velkomen!